Eigedom | 29. juli 2021

Får to nybygg i Kolskogheiane

Anleggsarbeidet ved Os vgs er i gang.

Får to nybygg i Kolskogheiane
Anleggsarbeidet starta i sommar. Dei neste skuleåra vil bli prega av byggearbeid. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 29. juli 2021 09:20

Mens skuleleiinga stokkar elevkabalen for 2021-2022, er arbeidet med renovering og nybygg i gang.

Mange har fått plass, men fleire hundre som ønskte seg til Os vgs kom ikkje inn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògOs vgs: Ventelistene nesten halverte etter andre inntaksrunde

– Vi får to store nybygg, det eine kjem der vi i dag har parkeringsplass, fortel rektor Johan Henrik Lassen.

Byggearbeidet skal gå over cirka fire år, og inkluderer også renovering av eksisterande bygg C og D.

Bildeserie:

Fylket har handla lokalt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Fylket har handla lokalt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Eit nybygg for transport, logistikk og yrkessjåfør kjem på delar av denne parkeringsplassen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Eit nybygg for transport, logistikk og yrkessjåfør kjem på delar av denne parkeringsplassen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ein kolle er spreng vekk for å erstatta parkeringsplassar som blir ofra for nybygg. (Foto: KVB)
Ein kolle er spreng vekk for å erstatta parkeringsplassar som blir ofra for nybygg. (Foto: KVB)
Dette (mørkeraude) garderobebygget frå 2007 må vika for eit større nybygg for byggfag. (Foto: KVB
Dette (mørkeraude) garderobebygget frå 2007 må vika for eit større nybygg for byggfag. (Foto: KVB
1 av 4

– Det vil bli ein del omstrukturering under og etter byggeprosessen. Kapasiteten er knapp frå før, vi leiger blant anna lokale i Røde Kors-huset til både ambulansefag og helsefag.

Skulen har rundt 500 elevar.

– Blir elevtalet utvida når nybygga er ferdige?

– Vi får både nye klasserom og nye verkstadar, men mengda elevplassar er det politikarane som bestemmer.

– Eg reknar med at fylkestinget legg merke til at vi har år etter år med svært mange søkjarar. Om dei utvidar håper eg spesielt at vi får fleire klassar innan helsefag.

Midtsiden får fleire detaljar om byggeplanane når rektor er tilbake frå ferie.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.