Sport | 14. okt. 2015

Feirar medlemsauke

Golfklubben har fått 110 nye medlemmar denne sesongen. Laurdag 17. oktober feirar dei auka med sosial oktoberfest-turnering.

Feirar medlemsauke
Dagleg leiar i BJGK, Eivind Hodneland, fortel om medlemsauke på over 100 denne sesongen. (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 14. okt. 2015 15:51

– Vi har hatt ein god sesong med 110 nye medlemmar som har tatt VTG-kurs i sommar, fortel Eivind Hodneland, dagleg leiar i Bjørnefjorden Golfklubb.

200.000 i hole in one-premie

Laurdag 17. oktober arrangerer golfklubben medlemsturnering med ein eventyrleg hole in one-premie.

– Det blir ei parturnering med låge skuldre, kor det sosiale står vel så høgt i fokus som sjølve spelet. Men litt ekstra må vi jo gjera ut av det, så vi har skaffa ein premie med verdi på 200.000 kroner om nokon klarar å få ballen i holet på første slag.

– I tillegg blir der servering og grilling og ein sosial dag på golfbanen. Håpet er at vi kan visa at golf er ein sosial sport og at dei nye medlemmane våre både deltar på turneringa og held fram med å spela gjennom vinteren, seier Hodneland.

Kan spela på 50 banar

Sjølv om turneringa på mange måtar markerer avslutninga på golfsesongen, vil spelet helde fram.

– Om vêret tillet et held vi nok banen open med sommargreenar ut oktober. Etter det blir det lagt om til vintergreenar, så om tilhøvet er der, så er det mogleg å spele golf også i vinter.

– Kjem det snø blir det ikkje spel ute, men då er dei to simulatorane vi har innandørs strålande alternativ. Der kan en trena på 50 ulike baner frå heile verda.

Overraskande bra sesong

Golfsjefen på Hauge fortel om ein god sesong i klubben.

– Vi tok eit grep i vår, kor vi gav tilbod om gratis VTG-kurs til dei som var interessert. I tillegg fekk dei tre dagar med PRO Sverre Marcelius for å testa ut golfen. Einaste kravet vi stilte var at om dei synest golf var kjekt, så måtte dei melda seg inn hos oss. Dei kunne ikkje gå til ein annan klubb.

– Dette har nok vore ein viktig årsak til at vi no har 110 fleire i medlemsregisteret enn før sesongen, og det i ein relativt flat marknad. Eg trur ikkje det er mange andre klubbar som kan skilta med tilsvarande.

– Det er òg kjekt å registrera at besøket på banen har vore like høgt i år som det var i fjor, trass i at vêret har vore vesentleg dårlegare. Vi får mange gode tilbakemeldingar på standarden på banen og på den gode stemninga gjestene opplever når dei kjem opp her.

Nye støttespelarar

Hodneland fortel at det ikkje er berre på medlemsfronten klubben opplever positiv utvikling.

– Vi har fått fleire store støttespelarar denne sesongen. Privatmegleren Bjørnefjorden har gått inn på ein 10-årsavtale kor dei sponsar ein heilt ny oppvarmings- og treningsgreen rett ved sidan av klubbhuset.

– Den er vi i ferd med å bygga no, med ein flott gråsteinsmur i bak-kant. Nettopp muren er eit element ein etterkvart vil finna igjen fleire stader på banen. Vi har eit ønskje om å laga ein heilskap gjennom alle dei ni hola etterkvart som vi gjer opprustingar.

– Ein av dei andre nye samarbeidspartnarane våre er Flex Bygg, som har kome inn med 25 nye medlemmar. Vi har arrangert to VTG-kurs for dei og dei er veldig på. Eg vil tru det er mykje golf-prat rundt lunsjbordet hos dei. I tillegg er det fleire av dei eksisterande samarbeidspartnarne våre som har utvida og forlenga avtalene med oss.

– Trenden er veldig bra, sjølv om vi framleis har ledige sponsorplassar. For oss er det viktig at det ikkje berre er økonomiske støttespelarar, men at vi har eit samarbeid som både dei og vi kan dra nytte av. Eit døme er at dei kan nytta klubbhuset til møter og presentasjoner om dei ønskjer, forklarer Hodneland.

Sel mest i Noreg

Eit anna område Bjørnefjorden golfklubb gjer det skarp på er sal av golfballar med firmalogoar på.

– Vi har eit samarbeid med Callaway på produksjon og sal av firma-baller. Faktisk er vi den klubben i Noreg som sel mest for dei.

– I tillegg til det, har vi hatt ein god sesong også i Proshopen. Faktisk har vi denne sommaren sett salsrekord i nyare tid. Ein må tilbake til då vi var over 1000 medlemmar for å finna tilsvarande tal. Det går i køller, ballar og klede, fortel Hodneland.

Arna-Bjørnar på footgolf

I juni opna golfklubben opp eit nytt tilbod då dei starta med footgolf på treningsfeltet.

– Vi har fasa det litt forsiktig inn no i starten, for å sjå korleis samspelet mellom vanleg golf og footgolf fungerte. Det har eigentleg gått veldig bra.

– Blant dei som har vore oppom og prøvd seg har vi både Brann- og Åsane-spelarar. I tillegg hadde vi damelaget til Arna-Bjørnar her oppe på ein sosial blåtur.

– Det vi ser er at footgolfen trekk nye folk inn på området, noko som er veldig positivt. Håpet er jo at dei kanskje òg får lyst til å prøva seg på ordinær golf etterkvart. Uansett, vi ønskjer å vera eit mangfaldig aktivitetsområdet kor folk kan gå på tur og tilsvarande. Blir det snø i vinter, så kjem vi nok til å laga skiløyper rundt på banen, avsluttar Eivind Hodneland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.