Fritid | 07. mai 2021

Fekk 600.000 kroner til Bua som opnar i juni

– Betyr mykje for utstyrsparken vi får til utlån.

Fekk 600.000 kroner til Bua som opnar i juni
F.v.: Elin Tuft, Eivind Bru og, i hengekøye mens ho dreg Bua i land, ordførar Trine Lindborg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 07. mai 2021 09:37 - Sist oppdatert 07. mai 2021

Ordføraren sin baby frå valkampen ser ut til å bli betre enn venta.

– Utlånet er gratis! Du kan få prøva deg på noko du elles ikkje ville hatt høve til, eller kunne prioritert pengar til, skreiv Trine Lindborg (Ap) i eit lesarinnlegg i november 2018.

I budsjettet sette samarbeidspartia av 100.000 kroner.

Bua er under bygging både i Os og i Eikelandsfjorden, i Os i det som var lesesalen til biblioteket i Os Næringspark.

Arbeidslaget frå Vartun skal stå for tømrararbeid og montering av innreiing.

Opning er tysdag 15. juni.

Onsdag fekk kommunen melding om at det er innvilga 600.000 kroner i tilskotsmidlar frå Bufdir.

– Nokon har skrive ein god søknad

I dag møtte ordførar i Bua saman med prosjektleiar Eivind Bru og kollega Elin Tuft i prosjektgruppa. Tove Hille frå Frivilligsentralen, som skal driva Bua, var òg på plass for å feira tilskotsmidlane.

Lesesalen til biblioteket er i ferd med å bli ominnreidd. (Foto: KVB)
Lesesalen til biblioteket er i ferd med å bli ominnreidd. (Foto: KVB)

– Nokon i prosjektgruppa har skrive ein god søknad, det er sikkert!

– Eg synest det er veldig kjekt å sjå Bua blir realisert to stadar i kommunen, og desse 600.000 kronene kjem veldig godt med, seier Lindborg.

– Skal dei brukast til utstyr eller drift?

– Det blir nok begge delar, men det blir i alle fall rom for ekstra mykje utstyr for desse pengane.

Torsdag til tysdag

Bua er tilknytt Bua.io, det finst over 150 slike utlånssentralar rundtom i landet.

Her kan du, heilt gratis, låna utstyr til fritid og hobby, frå stand up paddleboard og sparkesykkel til hengekøye og telt.

Kabalen hos Frivilligsentralen er ikkje heilt ferdig lagt. Dei har éi 100 prosent stilling og éi på 50 prosent - men dagane er travle frå før.

Om lag sånn skal Bua bli til opning tysdag 15. juni.
Om lag sånn skal Bua bli til opning tysdag 15. juni.

Eivind Bru er tilsett i ei prosjektstilling frå april til september, men håper dette blir forlenga, så han får vera med å driva staden. Bru jobbar i brannvesenet i Fusa, køyrer ambulanse og har bakgrunn som klatreinstruktør for born.

– Kva opningstider blir det, og kor lenge kan du låna utstyret om gangen?

– Det er ikkje heilt bestemt, men vi ser at fleire har utlån om torsdagen og innlevering tysdagen etter. Så må vi nok sjå det an, kva utstyr det blir rift om og kva som blir ståande litt, viss det er nokon som spør om å låna utstyret over litt lengre tid.

Bua er vegg i vegg med biblioteket, men det er førebels ikkje drøfta noko felles bemanning.

– Men vi tenker at det er naturleg at desse ligg nær kvarandre, og er glade for at vi kunne bruka dette lokalet. Det er nær sentrum og har god parkeringsplass. Også i Eikelandsfjorden har vi fått oss ein fin plass, endå nærmare sjøen, så det blir det nok bra med mairimt utstyr for utlån, seier ordførar.

– Er lesesalen erstatta på ein god måte?

– Den skal bli erstatta med ei løysing inne på biblioteket. Detaljane er det kultursjefen som har, svarer ordførar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.