Lokal | 03. jan. 2018

Fekk 850.000 i "nyttårsgåve"

Får 850.000 til turisme, matkultur og gründerverksemd i Bjørnafjorden-regionen.

Fekk 850.000 i "nyttårsgåve"
Næringssjef Daniel Skotheim fekk hyggelege overraskingar då han kom tilbake på kontoret etter nyttår (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 03. jan. 2018 14:11

Næringssjef Daniel Skotheim fekk ein best mogleg start på det nye året då han opna mailboksen onsdag. I den låg det nemleg tre innvilga søknader frå det som tidlegare var ein del av næringsfondet til Bjørnefjorden Næringsutvikling, men som no blir forvalta av Hordaland Fylkeskommune.

Større møteplassar

Størst beløp fekk han til Bjørnafjorden Gründerpark, kor søknaden blei innvilga med 400.000 kroner.

– Tanken med desse midla er å skapa ein enno større møteplass med utgangspunkt i gründerparken og å sjå på moglegheiten for å laga ein konferanse for næringslivet i regionen i løpet av året som kjem, fortel Skotheim.

Vil utvikla matsamarbeidet vidare

Bjørnafjorden Matkultur, som mellom anna har som formål å bringa matprodusenter, -foredlarar og serveringsstader rundt Bjørnafjorden saman, fekk 300.000 kroner i støtte.

– Det handlar om å bygge vidare på det vi har starta. Målet er å heva kompetansen hos medlemmane i Bjørnafjorden Matkultur gjennom interne kurs, studieturar og liknande. Desse midla vil bidra til å halde fram med den gode utviklinga vi har hatt siden oppstarten.

– Evalueringsmøtet etter «Det store Bjørnafjorden-måltidet» fortalte oss at både produsentane og dei som lagar maten satte pris på å snakka direkte saman.

Håper å kopiere matkultur-suksessen

Dei siste 150.000 kronane kom i støtte til turismesatsing i Os og Bjørnafjorden-regionen.

– Tanken er å etablere eit nettverk etter mal frå Bjørnafjorden Matkultur for dei verksemdene som driv turisme i Bjørnafjorden-regionen med utgangspunkt i Os som regionsenter.

– Det er ikkje slik at næringssjefen skal stå for dette. Eg skal berre fasilitere det i oppstarten. Aktørane sjølv må finne ut korleis dei vil organisera det og kva dei kan bidra med for å gjera Bjørnafjorden-regionen til eit attraktivt turistmål. Det gjeld både opplevingar i regionen og med regionen som utgangspunkt for opplevingar andre stader på Vestlandet.

– Eg trur det er viktig å kobla seg på dei store drivarane som Bergen, fjord-Noreg, Trolltunga og dei andre tinga turistane allereie kjem for å oppleva. Folk er kanskje ikkje klar over kva som finst, kanskje bortsett frå dei store som Solstrand og Lysøen. Når folk møtast, så skjer det noko og kanskje kan eit slik nettverk vera med på at fleire finn det interessant å satsa på turisme i ein eller anna form.

– Eg er ikkje i tvil om at vi har ting som turistane er interesserte i. Sjå berre kor begeistra delegasjonen frå Angkang blei då dei vitja Os i november. Så enkle ting som grøn natur og frisk luft var ting dei satte pris på. Dette kan vi bygga vidare på, saman med lokale ting som oselvaren, som strekk seg heilt tilbake til vikingetida. Det er tema som er veldig i tida, analyserer næringssjefen, som òg ser tydelege synergiar mellom turisme og matkulturen rundt Bjørnafjorden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.