Handball | 25. feb. 2024

Fekk ein jamnare kamp i går

Serieleiar Sotra gav onsdag vekk poeng igjen. Os måtte i går kjempa for sine.

Fekk ein jamnare kamp i går
Pia Kjelsrud Johansen blei toppskårar med 12 mål, 4 av dei frå straffemerket. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 25. feb. 2024 08:33

Os spelte i går sin sjette bortekamp på rad, og gjorde som i dei fem andre, sikra to poeng.

Kampen gjekk mot NHHI. Heime vann Os med 11 mål. Dei siste fire kampane har Os vunne med 18, 12 og to gongar 10 mål.

I går blei det jamnare.

Os låg under 10-7, gjekk så vidt i føringa til pause, hadde 17-17 og 25-26 som det jamnaste, men vann til slutt med 6 mål.

NHHI - Os 26-32 (14-15)

Toppskårar Anna Bjørke Kallestad var vekke, men andre tok ansvar.

Dei fire som skåra mest var Pia Kjelsrud Johansen (12), Lene Christine Kausland (6), Emma Yael Husebye 4 og Maren Evensen 3.

Serieleiar Sotra, som i førre runde spelte uavgjort for andre gong, gjekk onsdag på sitt første tap.

Sotra tapte 30-27 borte for Kjøkkelvik, som ligg på 3. plass på tabellen.

Tabelltoar Os, som står med 16-0-1, ligg to poeng bak Sotra med to kampar mindre spelt.

Kjøkkelvik har éin kamp meir spelt enn Os, og ligg to poeng bak.

Os ligg stadig betre an til å nå mål om opprykk og comeback i 2. divisjon.

For Os sin del er det no to heimekampar på rad, mot Årstad og Bønes, den første er søndag 3. mars.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.