Politi | 18. des. 2021

Fekk fire meldingar om feststøy

Den eine huseigaren måtte få fleire beskjedar.

Fekk fire meldingar om feststøy
Bjørnafjorden politistasjon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 18. des. 2021 07:50

Mens det er skjenkestopp i serveringsbransjen, serverer folk seg sjølv og gjestar heime.

Natt til laurdag fekk politiet fire meldingar om feststøy, to av dei frå same adresse.

– I 23.30-tida fekk vi melding om feststøy frå ei privat adresse på Nore Neset. Vi var i kontakt med huseigar, som dempa musikken, fortel vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Men i 01-tida kom ny klage på støy frå same hus.

– Patruljen køyrde ut og gav eigar pålegg om å halda støynivået nede. Vi fekk ikkje fleire klagar frå adressa.

I 01.30-tida kom det to andre klagar på feststøy. Dette var frå festar i Kuvågen-området. Her blei det ingen tiltak frå politiet.

Utforkøyring

Tidlegare på kvelden, litt før klokka 18, var det ei utforkøyring på E39 litt overbygrensa nord for Røykenes.

– Bilførar var åleine i bilen. Det er ikkje meldt om personskade, men han blei tatt med til legevakt for sjekk.

Det var køar på E39 i ein periode etter ulykka.

– Det er ikkje mistanke om køyring i rus, men det er oppretta sak. Bergen Sør politistasjon følgjer opp saka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.