Politi | 12. des. 2021

Mann ramla i sjøen: – Flaks at han fekk hjelp

Mann blei berga på land og frakta til legevakt etter eit uhell i Hamnevegen i natt.

Mann ramla i sjøen: – Flaks at han fekk hjelp
Hamnevegen søndag morgon. Det er uvisst om brygga på bildet er den mannen ramla frå. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 12. des. 2021 08:02

Klokka 01.45 natt til søndag fortalte Vest politidistrikt om ein mann som hadde ramla på sjøen frå ei brygge i Hamnevegen.

– Han skal ha vore uheldig då han prøvde å koma seg om bord i ein båt, fortel operasjonsleiar.

Folk i nærleiken såg at vedkomande, ein mann i 50-åra, trengte hjelp.

Det er uvisst kva brygge i Hamnevegen mannen ramla frå, og om det var venar, tilfeldig forbipasserande eller bubilturistar som hjelpte mannen.

– Det var flaks at nokon oppdaga at han ramla uti, fortel vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Politiet har undersøkt og funne ut at dette var eit hendig uhell. Mannen hadde vore på fest, og glei på brygga.

– Han blei frakta til legevakt for sjekk, og alt står fint til med han no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.