Politi | 15. des. 2021

Innbrot på byggeplass

Stal verktøy og arbeidsklede verdt over 20.000 kroner.

Innbrot på byggeplass
Anleggsplassen i Gåsakilen i oktober i fjor. Mykje er no ferdig, men det er framleis byggearbeid i det nye nabolaget. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 15. des. 2021 07:24

Onsdag morgon fekk politiet melding om innbrot og tjuveri i ei arbeidsbrakke.

– Brakka står i Gåsakilen på Søfteland. Innbrotet skal ha skjedd mellom klokka 14 og 16 i går, tysdag, opplyser politioverbetjent Christine Grindstein.

Politiet er interesserte i tips om observasjon av personar som kan knyttast til innbrotet.

– Det er stole verktøy, klede og sko verdt frå 20.000 til 25.000 kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.