Lokal | 06. mars 2013

Fekk kunstgras-garanti

Os Turn fekk 770 000 kroner i kommunal garanti til nytt kunstgras på Kuventræ. - Vi anerkjenner at det kan skape presedens for andre baner, fortalde Eirik André Hesthammer (Frp).

Fekk kunstgras-garanti
Dagleg leiar i Os Turn Hans Parnefält med ei prøve av kunstgraset som blir lagt på Kuventræ i sluten av april (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 06. mars 2013 13:19

I formannskapet 21. februar fekk Os Turn 300.000 kommunale kroner i støtte til utskifting av kunstgraset på den eldste bana på Kuventræ. Tysdag vanka det fleire lovnader frå kommunen då dei stilte med ein sjølvskuldnargaranti for lånet på 770.000 kroner som turnforeninga må ta opp.

- Os Turn er ein viktig og stor aktør for frivilligheiten i Os kommune. Dei representerar mange barn og unge.

- Frp anerkjenner samtidig som vi går for garantien at vi til ein viss grad skapar presedens i høve dei andre kunstgrasbanene. Det meiner vi er eit viktig signal å gje, fortalde Eirik André Hesthammer i kommunestyret.

Ingen presedens, må koma i budsjetta

Dette fekk Lars Atle Skorpen (Ap) til å reagera.

- Det er rett at det er ei einstemmig tilråding frå formannskapet å gje garanti, men det er ikkje ei einstemmigheit for at dette skapar presedens.

- Tidspunktet for når denne søknaden kjem er feil, den burde ha kome i samband med budsjetthandsaminga.

- Vi går for søknaden, men vil samstundes oppmoda alle idrettslaga og andre organisasjonar som søkjer om tilsvarande å orientera seg om den kommunale budsjettprosessen, slik at vi får det inn når vi diskuterar dei kommunale budsjetta, påpeikte Skorpen.

Lite lønsam pant

Espen Aspenes (Frp) tok, som i formannskapet, til ordet for at kommunen burde sikra seg pant i eiendommen som tryggleik for garantien.

- No har vi fått opplyst at bana ligg på kommunal grunn.

- Det er fullt mogleg å ta pant i kunstgraset, men eg trur marknadsverdien for eit brukt kunstgras er låg.

- Om situasjonen blir slik at Os Turn ikkje klarar forpliktelsane sine, så er det vel lite sannsynlig at andre kreditorar kjem og nappar vekk kunstgraset, smilte økonomisjef Ingrid Karin Kolås.

- Det kan bli mange dørmatter av sånt, kommenterte ordførar Terje Søviknes (Frp) tørt før eit samrøysta kommunestyre gav garantien.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.