Kultur | 10. sep. 2024

Fekk meir enn dei hadde søkt om

Fylket gir 191.000 kroner til kultur for eldre.

Fekk meir enn dei hadde søkt om
TROPEHAGEN: Innslag på institusjon er blant tiltaka pengane skal brukast på. Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 10. sep. 2024 17:13

Vestland fylkeskommune deler ut til saman 5 millionar kroner til 36 kommunar.

Tilskot går til kultur for eldre og til breiddetilbod for e-sport.

Dei 250.000 kronene til e-sport og gaming går til andre kommunar enn Bjørnafjorden, men Bjørnafjorden er blant mottakarane av resten av tilskota.

Bjørnafjorden kommune får same sum som Askøy, 191.000 kroner.

– Dette var gledeleg, både at vi får midlane, og at vi får meir enn før! seier kultursjef Erik Vangsnes.

Tidlegare år har summen lagt på 160.000 kroner. Alver og Øygarden får noko meir, 225.000 og 243.400 kroner.

Tilskotet er øyremerkte Den kulturelle spaserstokken, midlar kommunen har fått i ei årrekkje, som skal sørgja for at kommunen legg til rette for formidling av profesjonell kunst og kultur til eldre

– Vi har brukt pengane både på institusjon og andre stadar, i eigen regi og som støtte til andre som lager arrangement, for eksempel Oseana sitt prosjekt med kultur for dei som lir av demens.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.