Politi | 29. des. 2021

Fekk melding om ATV på isen

Vitne såg fleire som bytte på å køyra.

Fekk melding om ATV på isen
Islagt vatn i Gåsakilen i 2018. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. des. 2021 08:41

Tysdag i 20-tida fekk politiet melding om køyring på islagt vatn i Gåsakilen på Søfteland.

– Meldar reagerte først på støyen, så såg vedkomande fleire som bytte på å køyra ATV på isen, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Ein patrulje rykte ut.

– Dei møtte nokre unge vaksne. Dei fekk tilsnakk og pålegg om å halda seg vekke frå vatnet.

Køyring på islagt vatn tel som køyring i utmark. Kommunen kan gi løyve til køyring i utmark, noko dei har gjort fleire gongar på Ulvenvatnet.

Også i fjor var det fleire tilfelle av ulovleg køyring på fleire vatn i Os.

Nok ein kontroll i Mobergsbakken

Både før jul og i romjula har politiet hatt trafikkontroll i Mobergsbakken.

I går var dei på plass på same stad.

– Det blei også denne gong fokus på bilbelte og mobilbruk. Denne gong blei éin bilist stoppa for ulovleg bruk av mobiltelefon.

Straffa blei frå 1. januar i år auka frå 1.700 til 5.000 kroner og frå to til tre prikkarpå førarkortet.

Regjeringa har eit forslag på høyring om å auka storleiken på forelegget yttarlegare, til 7.450 kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.