Politi | 28. des. 2021

To tatt for mobilbruk - neste år kan straffa auka til 7.450 kroner

Sjekka trafikken opp Mobergsbakken måndag.

To tatt for mobilbruk - neste år kan straffa auka til 7.450 kroner
Både vegvesenet og politiet bruker plassen ved Vognhallen til å vinka inn bilar. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 28. des. 2021 09:25

Politiet hadde i går trafikkontroll i Mobergsbakken.

Fokus for dagen var åtferd, altså bruk av bibelte og ulovleg bruk av mobiltelefon.

– Det blei to reaksjonar, begge på bruk av handhalden mobil, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Dei fekk kvar sine forelegg på 5000 kroner og tre prikkar kvar på førarkortet.

Straffa auka 1. januar i år frå 1.700 til 5.000 kroner i forelegg og frå to til tre prikkar.

Er du i prøvetida, altså med ferskt førarkort, får du med andre ord seks prikkar om du blir tatt.

Regjeringa ønskjer å auka straffa yttarlegare, opp 49 prosent til 7.450 kroner.

Bruk av handhalden mobil under køyring har vore forbode sidan våren 2000. Trass auka straffesats og låg sjanse for å bli stoppa, er det framleis mange som blir tatt.

«Ser man det relativt høye antallet utstedte forenklede forelegg opp mot den lave oppdagelsesrisikoen, er det følgelig grunn til å tro at håndholdt mobiltelefon brukes under svært mange kjøreturer i Norge daglig» skriv regjeringa i eit høyringsnotat, ifølgje bladet Motor.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.