Politi | 28. okt. 2021

Fekk melding om laus kabel

I tillegg hadde både politiet og vegvesenet trafikkontroll i går.

Fekk melding om laus kabel
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. okt. 2021 07:43

Onsdag i 13.30-tida fekk politiet melding om ein kabel som hang ned mot bakken i Idrettsvegen, nær Byvegen.

– Meldar meinte denne kunne bli farleg for trafikk og fotgjengarar, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

BKK Nett blei varsla, men kabelen viste seg å vera Telenor sin. Patruljen fekk løfta den eit stykke, i tillegg blei Telenor varsla for å få den heilt på plass.

Avskilting og åtvaring

Klokka 21.50 onsdag kveld stoppa politiet ein bil grunna begjæring. Bilførar fekk pålegg om å utbetra det sommangla.

Statens vegvesen hadde kontroll på E39 i Hjellemarka i natt.

Der blei det gitt eitt bruksforbod grunna manglande transportløyve.

I tillegg blei det gitt ut mangelsedlar til to MC-førarar.

Manglane handla om støy, spegl, kjennemerke og folie på lys.

– Dei som blei kontrollert på køyre- og kviletid hadde tinga i orden, opplyser vegvesenet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.