Politi | 16. okt. 2023

Fekk melding om person som luska utanfor bustad

– Han sprang frå staden då han blei oppdaga.

Fekk melding om person som luska utanfor bustad
Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy.
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesmåndag 16. okt. 2023 08:28

Natt til laurdag om lag klokka 01 rykka politiet ut til ei privat adresse på Søre Neset.

Meldinga gjelde bråk mellom to personar i 30-åra.

– Etter noko mekling løyste situasjonen seg og det kom inga vidare melding utover kvelden, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.

Natt til søndag fekk politiet melding om lusking rundt ein bustad i Varåsen.

– Det var éin person som luska rundt et hus.

Men vedkomande var ikkje berre diskret.

– Han hadde òg ringt på ein svært mange gongar, opplyser Birkeland.

Politiet opplyser at han sprang frå staden då huseigar viste seg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.