Politi | 15. des. 2022

Fekk parkeringsbot på Thuen

– Sto på fortau og stengte for sikt.

Fekk parkeringsbot på Thuen
I dette krysset blei det i går skrive parkeringsgebyr. Den parkerte bilen skal har stått på fortau og i tillegg stengt for sikt. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 15. des. 2022 08:06

Onsdag i 08.50-tida fekk politiet melding om ein feilparkert bil i krysset mellom Lepsøyvegen og Særvollsvegen.

– Bilen var parkert på fortau, i tillegg var den til hinder for andre trafikantar si sikt i krysset, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

Eigar blei kontakta for å fjerna bilen. Vedkomande som disponerte bilen fekk parkeringsgebyr.

Også UP var på vegen på morgonen i går.

Frå klokka 08.30 til 09.30 hadde dei promillekontroll på Halhjem ferjekai.

53 trafikantar blei kontrollerte. Utrykningspolitiet fann ikkje noko å reagera på.

Torsdag morgon var det ei utforkøyring i Søvikåsen:

Les ògUtforkøyring på Ole Bulls veg

Onsdag blei det skrive ut forelegg då vegvesenet kontrollerte lette køyretøy for sikt i samband med islagte ruter i den kalde førjulstida:

Vegvesenet kontakta politiet, som kom for å skriva forelegg til føraren av denne bilen. (Foto: Statens vegvesen)
Les ògHer blei det forelegg

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.