Samferdsle | 13. des. 2022

Mjølkebil i grøfta

I møte med skulebussen blei vegen for trang og snøen for glatt.

Då mjølkebilen møtte skulebussen blei Hegglandsdalsvegen noko trang. (Foto: Rolf Lunde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 13. des. 2022 15:54

Tekst og foto: Rolf Lunde

I møte med skulebussen blei Hegglandsdalsvegen i dag for trang og snøen for glatt.

Det har snødd tett frå natt til tysdag og utover til 13.30-tida i dag.

Dermed sklei lastebilen til Tine djupt ned i grøfta med alle høgrehjula.

Utforkøyringa skjedde klokka 14.40.

Med ei hjelpande hand frå fotografen, til dirigering, klarte sjåføren etter litt fram- og tilbakesporing sjølv å pressa den store bilen opp på vegen igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.