Politi | 18. aug. 2022

Fekk saftig forelegg i Jordmorsvingen

Politiet hadde to trafikkontrollar i Os i går.

Fekk saftig forelegg i Jordmorsvingen
Politiet på Byvegen ved Jordmorsvingen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 18. aug. 2022 07:57

Onsdag i 13.30-tida, etter å ha vore ute på asfaltbilen som hamna utfor eit stup i Industrivegen, hadde politiet trafikkontroll på Byvegen ved Jordmorsvingen.

– Det blei skrive ut eitt forenkla forelegg, fortel Atle Birkeland.

Vedkomande blei tatt for handhalden bruk av mobiltelefon, og fekk 7.450 kroner i forelegg og tre prikkar på førarkortet.

Tidlegare på formiddagen, i 11.30-tida, hadde politiet laserkontroll på E39 Halhjemsvegen.

Der blei det skrive ut sju forenkla forelegg.

Høgaste målte fart var 87 km/t i 70-sona, noko som resultertei eit forelegg på 5.150 kroner og to prikkar på førarkortet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.