Lokal | 22. jan. 2019

Fekk skissa framtida til Nore Neset

Kommuneplanen, nærsenter: Deltakarane på grendamøtet med innspel til stad- og moglegheitsanalyse.

Fekk skissa framtida til Nore Neset
– Det er positivt at vi får sitja med eit kart og koma med innspel på denne måten, synest Tore Matre (i blått). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 22. jan. 2019 13:53

Bildeserie:

Terje Søviknes ønskte velkomen. (Foto: KVB)
Terje Søviknes ønskte velkomen. (Foto: KVB)
Rundt 50 innbyggarar møtte. (Foto: KVB)
Rundt 50 innbyggarar møtte. (Foto: KVB)
Plansjef Tina Sinclair. (Foto: KVB)
Plansjef Tina Sinclair. (Foto: KVB)
Dei viktigaste knytepunkta i framtida. (Foto: KVB)
Dei viktigaste knytepunkta i framtida. (Foto: KVB)
Kva handel skal vera kor. (Foto: KVB)
Kva handel skal vera kor. (Foto: KVB)
Stine Unneland fortalte om ungane sine innspel. (Foto: KVB)
Stine Unneland fortalte om ungane sine innspel. (Foto: KVB)
Theres L. Wergeland viste merknadane i kart. (Foto: KVB)
Theres L. Wergeland viste merknadane i kart. (Foto: KVB)
Kvar er det fint? Kvar er det skummelt? (Foto: KVB)
Kvar er det fint? Kvar er det skummelt? (Foto: KVB)
Karianne Eriksen (t.v.) og May Britt Hernes frå Asplan Viak. (Foto: KVB)
Karianne Eriksen (t.v.) og May Britt Hernes frå Asplan Viak. (Foto: KVB)
Så var det «juleverkstad» med quiz og kart. (Foto: KVB)
Så var det «juleverkstad» med quiz og kart. (Foto: KVB)
Fint og flaut. (Foto: KVB)
Fint og flaut. (Foto: KVB)
– Trafikkaoset ved skulane er eit minus, meiner denne gruppa. (Foto: KVB)
– Trafikkaoset ved skulane er eit minus, meiner denne gruppa. (Foto: KVB)
Andre påpeikte dårleg busstilbod i helgene. (Foto: KVB)
Andre påpeikte dårleg busstilbod i helgene. (Foto: KVB)
1 av 13
Terje Søviknes ønskte velkomen. (Foto: KVB)
Rundt 50 innbyggarar møtte. (Foto: KVB)
Plansjef Tina Sinclair. (Foto: KVB)
Dei viktigaste knytepunkta i framtida. (Foto: KVB)
Kva handel skal vera kor. (Foto: KVB)
Stine Unneland fortalte om ungane sine innspel. (Foto: KVB)
Theres L. Wergeland viste merknadane i kart. (Foto: KVB)
Kvar er det fint? Kvar er det skummelt? (Foto: KVB)
Karianne Eriksen (t.v.) og May Britt Hernes frå Asplan Viak. (Foto: KVB)
Så var det «juleverkstad» med quiz og kart. (Foto: KVB)
Fint og flaut. (Foto: KVB)
– Trafikkaoset ved skulane er eit minus, meiner denne gruppa. (Foto: KVB)
Andre påpeikte dårleg busstilbod i helgene. (Foto: KVB)

I januar 2014 blei stad- og moglegheitanalysen for Osøyro, bestilt av kommunestyret, presentert av Asplan Viak. Analysen resulterte blant anna i realisering av «bydraget»; nytt dekke, baldakiner og oppgradering av torget i Os sentrum.

No har administrasjonen i Os kommune, for første gong ute i ein krins, bestilt tilsvarande prosess på Nore Neset. Også denne gong er det Asplan Viak som er leverandør.

Prosessen starta med grendamøte på Nore Neset ungdomsskule i går kveld. Asplan Viak blir verande i området for å ta imot innspel, på midlertidig kontor i dag og i morgon, onsdag òg med eige møte for utbyggarar i området.

– Vi har òg oppretta ei heimeside, grendanoreneset.no, der folk kan koma med tankar om framtida til området, seier prosjektleiar Karianne Eriksen frå Asplan Viak.

Seint ute?

Ordførar Terje Søviknes ønskte velkomen med å forklara rulleringa av arealdelen i kommuneplanen, plansjef Tina Kvammen Mjøs Sinclair heldt fram med ei orientering om prosessen og Stine Unneland og Therese Langhelle Wergeland frå planavdelinga fortalte om resultat frå prosjektet «barnetråkk».

Dei rundt 50 deltakarane på møtet fekk ei grundig innføring før Asplan Viak inviterte alle til gruppearbeid der dei skulle markera samlingsplassar, viktige område og vanskelege område i kvar sine kart.

– Mens arealdelen til kommuneplanen, frå 30. juni 2017 til 15. september 2018 var på høyring, har innbyggarar i heile Os kome med innspel. I haust har plan- og bygningsutvalet hatt nøye gjennomgang av kvart einaste innspel i fleire krinsar, inkludert Nore Neset. Burde dette grendamøtet vore for eit halvt eller heilt år sidan?

– Det hadde vore ønskjeleg med ein slik prosess tidlegare, det har med kapasitet å gjera. Slike prosessar er ressurskrevjande, men kan bli gode verktøy i den vidare jobben med arealplanen, seier Sinclair.

• Les òg: Vil ha fart i arealplanen (februar 2018)

– Det er ambisjonar om å få kommuneplanen vedtatt før valet i septmeber i år. Skal de køyra tilsvarande grendamøte og stad- og moglegheitsanalyse i alle krinsane?

– Det kan bli fleire krinsar, men vi rekk nok ikkje alle. På Nore Neset var vi no kome så langt at krinsen var moden for ein analyse som denne. Det er òg fleire utbyggarar som står klare til å gjera tiltak i området.

Fint og flaut på Skeie

Møtedeltakarane såg ikkje ut til å bry seg om at dei får koma med innspel fire månadar etter at høyringsfristen har gått ut. Tidlegare ordførar i Os, Ole Haakon Lunde, reiste seg til og med opp på tampen av møtet for å takka for invitasjonen.

– Det er første gong vi som innbyggarar har fått lov å driva medverknad på denne måten. Dette var eit flott tiltak, og eg kjem til å følgja den vidare prosessen nøye, sa Lunde.

Før møtet var over hadde deltakarane fått informasjon om data som var samla inn via barnetråkk-prosjektet. Elevane har sagt tydeleg i frå kvar dei leikar, kvar dei fine naturområda er, kvar det er skummelt å gå grunna dårleg lys - og kvar det er for mykje boss.

Nærsenterstruktur handlar om overordna føringar om miljø; å hindra auka vekst i personbiltrafikken når folketalet aukar. Kva er sentrum i din krins og kvar skal vi bygga nye hus for at flest mogleg har gå- og sykkelavstand til flest mogleg aktivitetar og handelstilbod?

Dei vaksne møtedeltakarane fekk seia kva som er pluss og minus, fint og flaut, med å bu på Nore Neset. Mange av gruppene nemte gode aktivitetstilbod og nærleik til fin natur langs sjø og på fjell på plussida av rekneskapen.

På minussida var det duka for humor: «At kyrkja ringer og vekker heile nabolaget annakvar søndag. Det burde vore like enkelt å ringa til dei to som går der» meiner ein av møtedeltakarane.

Av andre ting som blei nemt som negativt med Nore Neset var tett biltrafikk rundt skulane og dårleg busstilbod i helgene.

– Vil påverka framtida til ungane mine

Rundt eit av få bord med snittalder under 40 år sat Tore Matre. Tore har vakse opp på Nore Neset, bur i krinsen og jobbar som lærar på Nore Neset ungdomsskule.

– Eg er her for å påverka framtida til ungane mine. Eg hugsar sjølv då eg var 10 år og den første 11-arbanen blei bygd her ute. Då blei det lovd løpebane på 100 meter langs den eine sida av banen. Vi gledde oss noko enormt, men den har framleis ikkje kome, seier Tore.

Gruppene sette klistremerke i ulike fargar på kartet over krinsen, og teikna inn ønskt trasé for komande stiar.

– Det er veldig positivt at vi får sitja og skissa i eit kart på denne måten, synest han.

Nokre grupper teikna lysløype frå Skeismyra forbi Lidlbygget til Spar-butikken i Kloppamyra, andre kom med forslag om å flytta fylkesvegen inntil foten av Liafjellet, for å avlasta Skeisflaten.

Asplan Viak samlar inn og sorterer. Det er ikkje bestemt kor tid analysen skal vera ferdig, men når den er klar kan den bli eit nyttig verktøy i sluttspurten på rulleringa av kommuneplanen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.