Politi | 08. mars 2022

Filma bil som rygga i spegl og køyrde vidare

Politiet ber bilførar melda seg.

Filma bil som rygga i spegl og køyrde vidare
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 08. mars 2022 09:00

Måndag i 19.30-tida var det ein uheldig episode i Lysefjorden.

– Eiin bil blei pressa ut av vegen nær Ole B. Møtande bil måtte rygga, og køyrde då i speglet til meldar, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

Bilen køyrde vidare utan å gi seg til kjenne.

– Meldar har kamera i bilen, og vil sjekka om registreringsnummeret er synleg på filmen. Vi ber bilførar melda seg, seier Birkeland.

Bilen dei ser etter er sølvgrå, truleg av merket Toyota.

Mistenkt for promillekøyring

UP hadde promillekontroll på E39 Halhjemsvegen måndag formiddag.

49 bilførarar blei kontrollerte.

– Ein av dei, ein mann i 40-åra, gav utslag på alkometer og blei tatt med for blodprøve.

Det er ikkje tatt beslag i førarkortet, då det er mistanke om låg promille, men bilførar er meldt i påvente av resultat på blodprøve.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.