Tok ein kostbar venstresving
Fekk forelegg og prikkar på førarkortet.
Torsdag kveld, litt over midnatt, blei ein bilist stoppa i Os sentrum.
– Bilførar, ein mann i 30-åra, hadde brote svingforbodet frå Brugata ut i Hatvikvegen, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.
Forelegg for brot på svingforbod har nyleg auka frå 5.850 til 6.000 kroner. I tillegg får du tre prikkar på førarkortet.
Rett før midnatt hadde politiet kontrollert farten på ein bilist på Halhjemsvegen retning ferjekaien.
Bilen blei målt til 61 km/t i ei 50-sone.
Bilførar, ei kvinne i 40-åra, fekk 4.150 kroner i forelegg og to prikkar på førarkortet.
Torsdagklokka 18.45 rykte brannvesenet ut på pipebrann på Søfteland. Politiet hadde ingen operative tiltak i samband med brannen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.