Vêret i Os | 18. mai 2022

Neste fullmåne kan bli endå finare - for den blir «større»

Fin fullmåne natt til 17. mai.

Neste fullmåne kan bli endå finare - for den blir «større»
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 18. mai 2022 07:04

Tysdag 17. mai starta i Os under skyfri himmel. Også natt til syttande var vêret stille, klart og fint, og fleire beit seg merke i kor fin månen var utover kvelden og natta.

Det var ikkje berre fullmåne 16. mai, det var total måneformørking. Den totale formørkinga var ikkje synleg, for då hadde månen gått ned.

Bildeserie:

Os hamn i 00.30-tida natt til 17. mai. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Os hamn i 00.30-tida natt til 17. mai. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Øyane sett frå Lepsøysundet bru natt til syttande. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Øyane sett frå Lepsøysundet bru natt til syttande. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Fritidsbustad, fiskeoppdrettsanlegg og ferje spegla seg saman med månen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Fritidsbustad, fiskeoppdrettsanlegg og ferje spegla seg saman med månen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Månen i 01-tida. Delvis formørking var synleg nokre timar seinare. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Månen i 01-tida. Delvis formørking var synleg nokre timar seinare. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 4

Men dei som var sein i seng fekk kanskje med seg delvis formørking.

Delvis formørking starta klokka 04.27.

Total formørking starta klokka 05.29, men månen gjekk ned i Os klokka 05.01, så den var derfor ikkje synleg.

Neste gong det er delvis måneformørking i Os er i oktober 2023.

Neste fullmåne er tysdag 14. juni. Då er det også supermåne, og månen ser ut som om den er 14 prosent større enn elles.

Her er fleire datoar å merka seg:
Mikromåne (nymåne): 29. juni
Supermåne: 13. juli
Delvis solformørking: 25. oktober
Supermåne (nymåne): 23. desember
Delvis måneformørking: 28. til 29. oktober 2023

Kjelder:
Månefaser i Os, timeanddate.com
Formørking i Os, timeanddate.com

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.