Skyting | 16. des. 2021

Finaleplass i Luxembourg og plass på landslaget

Amalie Evensen har hatt ei midt i blinken-avslutting på sesongen.

Finaleplass i Luxembourg og plass på landslaget
Amalie då ho skaut seg til finalen i sitt første internasjonale stemne. (Foto: Arno Brinkman)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 16. des. 2021 15:02

Amalie Evensen frå Os er aktiv i både Os Skyttarlag, tilslutta DFS (Det frivilligeskyttervesen) og Os Sportsskyttarlag og Kisen MSL, tilslutta NSF (Norsk skytterforbund).

No er ho tatt ut på landslaget i NSF.

– Eg blei kalla inn til møte i samband med NM i midten av november.

Les ògTobias Austevoll Lyssand er noregsmeister

– Det er ikkje berre resultat som tel, dei vil sjå at du også har ambisjonar før du blir ein person landslaget satsar på, seier Amalie.

Den talentfulle skyttaren frå Os har høge mål, men ho har også sett dei i eit visst perspektiv.

– Hovudmålet er OL, men ikkje før 2028. Har eg god utvikling i tida som kjem så kan eg kanskje få plass i ein internasjonal meisterskap, EM eller VM i 2023 eller 2024.

Amalie heime i Stølsvegen i august. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Amalie heime i Stølsvegen i august. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Ho er veldig glad for uttaket. Landslaget har trening to dagar i veka, ved sidan av helgesamlinger gjennom året.

– Det har vore eit delmål ei stund, og det var veldig kjekt å få plass! No blir det trening både med Os Sportsskyttarlag når eg er heime, og med klubben Kisen og landslaget når eg er på Austlandet.

– Det viktigaste no er at eg held fram med å utvikla meg.

Uttaket er stadfesta offisielt på forbundet si side, skyting.no.

Landslaget tar inn skyttarar til både hospitering og i treningsgrupper. Amalie er steget vidare, i klassen UNG rifle, og kan seinare klatra til UNG+, Elite og Elite+.

Fin forsmak i Luxembourg

I helga var Amalie i Luxembourg for å delta i sitt første internasjonale stemne.

Då reiste ho med eigen klubb, ikkje landslaget.

– Riac er eit stor, ope stemne med flinke skyttarar frå mange land. Nivået var høgt, men det gjekk veldig bra!

Amalie deltok i luft (10 meter).

Der sette ho ny personleg rekord med 624,6 poeng.

Den gamle rekorden var på 624,1. Resultatet var godt nok til ein av dei åtte finaleplassane.

– I sportsskyting tar du ikkje poenga med deg vidare, du startar på null i finalen. Der gjekk det ikkje like bra, så eg kom ikkje lengre enn til 8. plass. Men det var kjekt med ny pers og det å gå vidare!

Ei klubbvenninne skaut 631,2 poeng, som er ny banerekord.

Neste internasjonale stemne blir truleg Swedish Open i midten av januar. Om Sverige er «open» i januar, etter at pandemien har vore på juleturné.

Dette skriv NSF om rifleskyting:

Rifleskytterne utgjør det absolutt største antallet skyttere i Norge, fordelt på de to organisasjonene Norges Skytterforbund (NSF) og Det Frivillige Skyttervesen (DFS).

I NSF er det ca 140 klubber og lag, spredt over hele landet, som har rifleskyting på programmet.

Norske rifleskyttere er i dag blant de absolutt beste i verden. Harald Stenvaag er en av mange rifleskyttere som har utmerket seg, og har medaljer fra EM, VM og OL.

I rifleskyting deles vanligvis disiplinene/øvelsene etter hvilken type rifle eller kaliber som blir benyttet.

  • Luftrifle er den yngste av riflegrenene, men er likevel den mest utbredte. Grenen skytes både internasjonalt og nasjonalt. Avstanden er 10 m.
  • Miniatyr/finkaliber utøves med standardrifle- eller fririfle. Programmet skytes på 15 m stående som en nasjonal øvelse, og på 50 m som skytes både nasjonalt og internasjonalt. Øvelsen skytes liggende, stående og knestående.
  • 300 m rifleskyting har de samme programmene som 50 m. Riflene har større kaliber og bruker en kraftigere ammunisjon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.