Fine feriedagar med Fana il
Fiske of fjelltur, bowling og gardsbesøk - ungdom frå Os og Bergen har hatt tre veker som har gjeve gode sommarminne.
Bildeserie:
Fana idrettslag sitt ferietilbod, FanaSprek, har tatt 10-15 ungdomar for dagen med på ulike opplevingar, frå ein roleg speledag supplert med fotball på banen, til båtturar med fiske, gardsbesøk med riding og fjelltur til Fløyen.
– Mange av dei som var med i fjor kom tilbake i år. Det gjeld òg dei frå Os, fortel leiar for årets FanaSprek, osingen Målfrid Pettersen Lunde.
– Desse frå Os har innvandrarbakgrunn og nokre av dei hadde nettopp byrja å læra seg norsk då dei var med oss i fjor. No har dei lært seg mykje meir, så vi fekk bli endå betre kjent.
FanaSprek er ein del av AAF-prosjektet (allsidig aktivitet i Fana). Dette er eit samarbeid mellom Fana IL, Idrettsrådet, Bergen kommune og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Målet er at born og unge som av ulike årsaker ikkje reiser på ferie skal få ein minnerik sommar.
I opppkøyring til NM
Målfrid er medlem av friidrettsgruppa i Fana IL og sommarjobben i idrettslaget har gått parallelt med eigen høgsesong.
– Det har blitt feriedagar med ungdomen frå 8.30 til 14.30, så har eg reist ned igjen til Fana for å trena på kveldane.
Til helga er det NM, nesten på heimebane, då årets senior-NM går på Askøy. Her skal Målfrid konkurrera i tresteg.
Den spreke jenta frå Os er ranka som nummer 12 i Noreg og håper å bli topp 10 så ho er kvalifisert for finale.
Neste helg er det NM for junior i Brandbu, der 19-åringen òg er aktuell.
Fleire sommarferietilbod i Os
Etter nokre år utan MOT-leirar er det denne sommaren to friluftstilbod i Os og Fusa.
Les meir og sjå bildeserie frå MOT-turen tidlegare i sommar.
Frå 8. til 11. august er det tid for Friluftsskulen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.