Fint vêr mesteparten av pinsehelga
Pinsehelga startar bra.

Finvêret har halde seg etter 17. mai, og på veg inn i nok ei langhelg er det lettskya i Os.
Vêret skal halda seg tørt og fint mesteparten av helga, men måndag kveld kan det koma noko nedbør.
Fredag og laurdag får finast vêr, med lettskya, 11-13 gradar og rundt 2 m/s vindstyrke midt på dagen.
Søndag frå lunsj skal det skya til. Yr melder opphaldvêr heile dagen, Storm melder regn klokka 06 på morgonen og frå klokka 19 på kvelden.
Mykje av pinsen ser ut til å bli solrik, men kan ikkje måla seg med pinsehelga i fjor, då vi hadde sommartemperaturar, Ervikane blei forvandla til ein campingplass og Bunnpris Vedholmen selte seg tom for bensin to gongar.
Både Yr og Storm melder regn frå klokka 13 og ut dagen måndag.
Men laksefiskarane som håper på nedbør og større elv til sesongopning 1. juni, jublar neppe over meldingane for resten av veka.
Frå tysdag er det nemleg meldt lettskya så langt varselet rekk.
Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på VG Pent
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.