Politi | 07. apr. 2022

– Fleire hadde alt i orden i dag

Statens vegvesen sjekka 21 køyretøy på Halhjem.

– Fleire hadde alt i orden i dag
Onsdag var vegvesenet på Halhjem ferjekai igjen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. apr. 2022 05:28

Statens vegvesen hadde trafikkontroll på Halhjem ferjekai på E39 på dagtid onsdag.

Alle kjøretøy som var innom kontrollplass blei slått opp i vegvesenet sitt kontrollsystem for å sjekka periodisk kontroll og forsikring.

– Det var 21 kjøretøy over kontrollplass, av desse blei 7 tunge plukka ut til full kontroll, fortel John Kåre Larsen frå Statens vegvesen i rapporten frå kontrollen.

Fire bruksforbod

Larsen fortel at fleire hadde alt i orden, men det blei samtidig gitt 4 bruksforbod blant dei 7 kontrollerte.

Den eine fekk bruksforbod grunna gjenstandar i siktsona, to andre fekk bruksforbod for tørr svingskive og dårleg sikring av last.

Dei kom seg likevel vidare, ved å smøre svingskive og sikra lasta betre.

Ein utanlandsk semitrailer fekk gebyr og bruksforbod for manglande vognkort på hengar. Han måtte skaffa dokumentasjon før han fekk køyra vidare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.