Samferdsle | 18. mars 2022

Når god sikt har 2. prioritet

– Han måtte fjerna litt frå frontruta, seier Knyt Sylta frå Statens vegvesen.

Når god sikt har 2. prioritet
Ein av bilane som i dag ikkje fekk køyra vidare sånn heilt utan vidare. (Foto: Statens vegvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. mars 2022 14:07

Statens vegvesen har i dag hatt trafikkontroll på E39 i Hjellemarka og på Halhjem ferjekai.

– Hovudfokuset var kontroll av varebilar inntil 3500 kg (grøne skilt) i tillegg til generel tungbilkontroll, fortel Knut Sylta frå Statens vegvesen.

Den eine lastebilen dei stoppa hadde bord og i overkant mange skjermar i frontruta.

– Dette måtte fjernast før han fekk køyra vidare.

Vegvesenet stoppa også ein veteranbuss.

– Her var alt i orden! seier Sylta om bussen frå 1943. (Foto: Statens vegvesen)
– Her var alt i orden! seier Sylta om bussen frå 1943. (Foto: Statens vegvesen)

– Veterankøyretøy må også kontrollerast. I dag hadde vi gleda av å sjå nærmare på ein 1943 Dogde-bussen til Hordaland Veteranbuss.

– Alt var sjølvsagt i skjønaste orden i denne kontrollen.

Bussen gjekk frå 1943-46 som militærbuss for det amerikanske forsvaret, og kom så til Noreg. Den blir i dag tatt vare på som veteranbuss.

Fann mykje å reagera på

Blant nyare køyretøy fann dei fleire ting å følgja opp. Der er også krava strengare.

– Vi kontrollerte 18 tunge og 6 lette køyretøy.

Ein av dei tyngre blei meldt grunna utgått kalibrering på fartsskrivar. Køyretøyet måtte køyra rett til verkstad for kalibrering.

Det blei gitt tre åtvaringar for brot på køyre- og kviletidsreglane.

To firma blei innrapportert til foretakskontrollen for periodar med køyring utan kort.

Det blei delt ut bruksforbod og gebyr på 4000 kroner for utgått yrkessjåførkompetanes (ysk gods).

To andre fekk gebyr for køyring med dekk med mønsterdjupne under lovleg minimum.

Det blei delt ut tre tekniske mangellappar for lysfeil.

– Varebilane som vart kontrollert i dag hadde ting i orden, fortel Sylta i rapporten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.