Politi | 25. nov. 2021

2 av 18 fekk til saman 5 gebyr

Statens vegvesen sjekka vinterutrustinga på tunge bilar.

2 av 18 fekk til saman 5 gebyr
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. nov. 2021 07:24

Torsdag morgon åtvarar Vegtrafikksentralen mot glatte vegar.

Onsdag kveld hadde vegvesenet kontroll på E39 på Halhjem og i Hjellemarka.

– Det var 23 køyretøy over kontrollplass. Alle køyretøy som var innom kontrollplass blei slått opp i vårt kontrollsystem for å sjekka periodisk kontroll og forsikring.

– Av desse blei 8 tunge plukka ut for full kontroll og 6 blei kontrollert for vinterutrustning, fortel Terje Bødtker frå Statens vegvesen i sin rapport frå gårsdagen.

I alt 18 køyretøy blei kontrollert, alle blei sjekka for dekk og kjetting.

Eitt køyretøy fekk to gebyr for dårlege dekk. Kvart gebyr er på 2000 kroner.

Eit anna fekk tre gebyr for manglande kjettingar. Kvart gebyr er på 1500 kroner.

I tillegg fekk 2 av 3 kontrollerte for køyre- og kviletid ei åtvaring. Det blei gitt 4 muntlege beskjedar på teknisk mangel på lys.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.