Politi | 06. jan. 2023

Fleire kontrollar i Os i går

UP og vegvesenet sjekka trafikken på E39.

Fleire kontrollar i Os i går
UP var i går tilbake ved Lepsøykrysset for å sjå om alle stoppa før dei køyrde inn på E39. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 06. jan. 2023 07:43

Torsdag i 13-tida hadde utrykningspolitiet trafikkontroll i krysset mellom E39 Halhjemsvegen og Lepsøyvegen.

På same stad hadde dei minst 19 reaksjonar på to månadar i haust. I går blei det éin som ikkje stoppa før stoppskiltet.

Vedkomande fekk forelegg på 7.450 kroner og tre prikkar på førarkortet.

I 15-tida heldt UP promillekontroll på Halhjem. 18 trafikantar blei sjekka, alle var edru.

Punkterte i tunell

I 13.30-tida i går fekk politiet melding om køyretøystans ved Tøsdalsskiftet. Bilen blei trilla inn på ei busslomme.

I 20.40-tida varsla Vegtrafikksentralen om ein bil som hadde punktert og stoppa nær den eine enden av Lyshorntunnelen.

Fem reaksjonar ved Svegatjørn

Statens vegvesen hadde kontroll ved SVegatjørn natt til torsdag.

Der blei det gitt eitt bruksforbod grunna manglande lastsikring, to førarar fekk skriftleg åtvaring for brot på køyre- og kviletid og to fekk teknisk mangelseddel.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.