Politi | 25. okt. 2022

Har henta inn over 130.000 kroner på same stad

UP med nok ein kontroll i Lepsøykrysset.

Har henta inn over 130.000 kroner på same stad
Køyrer du forbi linja ved stoppskiltet utan å stoppa, risikerer du både å skapa fare i trafikken, og å bli over 7.000 kroner fattigare. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 25. okt. 2022 07:07

I 14-tida måndag gjennomførte utrykningspolitiet ein trafikkontroll i krysset mellom E39 Halhjemsvegen og Lepsøyvegen.

Det blei skrive ut tre forenkla forelegg for ikkje å ha stoppa før stoppskiltet.

Forelegga er på 7.450 kroner, og kvar av dei får tre prikkar på førarkortet.

Lepsøykrysset er ulykkesutsett, og UP har hatt ei rekkje kontrollar i krysset i september og oktober.

Dei og er no oppe i minst 18 forelegg fordelt på 9 kontrollar dei to siste månadane.

Berre éin av kontrollane har vore utan reaksjonar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.