Vêret i Os | 31. mai 2022

Fleire lynnedslag i Os

Her kan du følgja lynnedslaga direkte i kart.

Fleire lynnedslag i Os
Kartet klokka 15.04, med eit ferskt lynnedslag på Kuven. (Kart: lyn.met.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 31. mai 2022 13:05

I 15-tida i dag kom ein serie lynnedslag nær Os sentrum.

I BKK Nett sitt kart over straumbrot er det foreløpig ingen registrerte abonnentar utan straum.

  • Har lynet gjort skade der du er? tips@midtsiden.no

Du kan sjå lynnedslag direkte i fleire kart, blant anna på norske lyn.met.no.

Sånn såg kartet til LightningMaps.org ut i 10-tida i dag. Ved å zooma i kartet kan du sjå detaljar for Vestlandet.
Les ògFølg lynnedslaga live på kart

Saman med torevêret kom ein god og kort regnskyll.

I kartet ser det ikkje ut til å vera fleire tordenbyger på veg inn frå vest.

Vêrmeldinga held seg stabil også etter at lufta blei «friska opp», med opphaldsvêr og skya fram til helga, og lettskya og sol frå laurdag kveld.

Storm melder regn torsdag, Yr melder opphald også denne dagen.

Temperaturen er venta å ligga på 12-13 gradar til og med søndag, men auka til 14 til 16 gradar over helga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.