Politi | 12. okt. 2023

– Fleire prøvde å køyra forbi sperringane

Politiet reagerer på framferda til fleire bilistar.

– Fleire prøvde å køyra forbi sperringane
Politiet sperra i går avkøyrsla frå E39 til Lepsøyvegen. Då skal fleire bilistar ha prøvd å vera kreative. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. okt. 2023 10:56

Politiet kjem med ei oppfordring etter at Lepsøyvegen litt før klokka 12 i går blei blokkert av nokre velta tre.

– Ta omsyn til skilt og sperringar, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

I går sto ein brannbil ved det velta treet mens ein politibil og ein politibetjent sto og sperra avkøyrsla frå E39 og inn på Lepsøyvegen.

Treet velta litt før klokka 12. Fleire bilistar skal ha prøvd å koma seg rundt og forbi. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Treet velta litt før klokka 12. Fleire bilistar skal ha prøvd å koma seg rundt og forbi. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Det var fleire som prøvde å ta seg forbi sperringa, éin av dei prøvde å koma seg på innsida av brannbilen og vidare, ein annan prøvde å køyra på venstresida, meint for trafikk ut av krysset.

Det var òg bilistar som byrja å rygga og snu i krysset.

– Også trafikantar motsett veg prøvde seg på krumspring, ein av dei la seg over i motsett køyrefelt for å køyra forbi treet og vidare til Nilsavegen mot Lekven, fortel Lyssand.

– Det oppsto fleire farlege situasjonar. Vi ber folk gå i seg sjølv og tenkja over kva dei gjorde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.