Sport | 21. apr. 2013

Flott siger til Lysekloster

Fredag var Lysekloster 2 suverene på bortebane, søndag knuste A-laget motstandar Vaulen i det som var første heimekamp i 3. divisjon.

Flott siger til Lysekloster
Her set Kim Kleivedalen inn 1-0 til Lysekloster. (Foto: Henrik Mjelva)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 21. apr. 2013 19:19

Lysekloster tok i dag sine første poeng i 3. divisjon.

Etter 3-0-tapet for Os i serieopninga på Kuventræ var Lysekloster i dag suverene.

Lysekloster – Vaulen 5-1 (2-0)
Målskårarar, Lysekloster: Kim Kleivedalen 2, Johannes Jordal, Martin Eidsvik og Joakim Hovden. Hovden blei kåra til dagens Lysekloster-spelar.

Kleivedalen skåra begge dei første måla. Jordal auka til 3-0 tidleg i andre omgang, Eidsvik la på til 4-0 før gjestane reduserte på straffe. Hovden sette inn 5-1-målet.

– Eg synest vi var litt slurvete med pasningsspelet i første omgang.

– Men etter pausen spelte vi bra og skapte mykje, seier trenar Thomas Sandal.

Vaulen hadde ein god keeper, og han fekk det travelt i 2. omgang.

Full pott til andrelaget

Lysekloster 2, som også rykte opp i haust, har hatt ein god start i 5. divisjon.

Første kamp enda med 1-0-siger over Løvstakken på heimebane, fredag spelte Lysekloster 2 borte mot Rosendal og vann heile 5-0.

– Det er veldig gledeleg med slike resultat for andrelaget, dette viser at vi har ein brei stall og mange som bankar på døra til 3. divisjonsspel.

Kort og godt

I kampen mot Os blei det delt ut gult kort til over halve Lysekloster-laget.

– Det var nok ein del høge skuldre og litt frustrasjon. Førebels er ikkje dette med kort noko vi tenkjer så mykje på, men eg er glad vi ikkje fekk fleire i dag, at vi held oss unna karantener lengst mogleg.

Jamn start i avdelinga

Os speler sin andre runde i morgon, borte mot Fyllingsdalen 2.

Begge laga har sjanse til å stå igjen med 6 poeng, noko berre to andre lag har klart til no i avdelinga.

Øystese og Kopervik har vunne begge sine første, resten har minst eitt tap, bortsett frå Os og Fyllingsdalen 2.

Sjå tabell, 3. divisjon avdeling 7.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.