Lokal | 12. jan. 2017

– Folk føler seg lurt

Engasjementet var stort i fakkeltoget som i dag gjekk i protest mot bru over Bjørnafjorden.

– Folk føler seg lurt
«Nei til bru - ingen skam å snu!» ljoma mellom veggane på rådhuset då fakkeltoget var framme. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. jan. 2017 17:40

Bildeserie:

(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 8

I forkant av dagens kommunestyremøte, der Os kommune skal koma med høyringsuttale til Statens vegvesen sin plan for E39 Stord-Os, hadde ein venninnegjeng frå Søre Øyane, der ei eventuell bru vil landa, organisert fakkeltog frå Vognhallen til Os rådhus.

– Vi hadde ikkje tenkt å gjera noko sjølv, vi har halde på i fem år, og trudde engasjementet var vekke. At nokre innbyggarar i Øyane tar dette initiativet, og at oppslutnaden blir så god, er heilt fantastisk, seier leiar i Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden, Geir Magne Johnsen Moberg i direktesendt intervju via Midtsiden si Facebook-side før avmarsj i 16.30-tida i dag.

– Eg håper denne markeringa kan få opp igjen engasjementet. Dette er ein protest mot slik lokaldemokratiet vår har handtert saka. Prosjektet har vore underkommunisert frå dag éin, folk føler dei ikkje er høyrd og folk føler seg lurt.

– Dessverre er det berre 17 av 35 som forstår

Etter at fakkeltoget hadde gått ein runde innom eit framleis julepynta Os sentrum, rundt rådhuset, så samla dei seg i ein stor ring nær inngangen på baksida.

«Nei til bru - ingen skam å snu!» ljoma mellom murveggane i fleire minutt før Moberg tok ordet.

– I 2013 sa dei at vi var for tidleg ute med protestane, no seier dei at vi er for seine. I kveld sit det 35 politikarar inne i kommunestyresalen, dessverre ser det ut som om det berre er 17 av dei som forstår kva vi snakkar om.

– Det beste vi kan håpa på er at éin av dei som sit i posisjon (Frp/Høyre) viser at Os kommune bør uttala seg som negativ til rasering av Kobbavågen og Øyane.

• Uttalen frå plan- og bygningsutvalet: Dette er forslaget til uttale dei skal stemma over i kveld

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.