Politi | 29. jan. 2023

Førarkortbeslag på Lepsøyvegen

Seks bilistar tatt i fartskontroll.

Førarkortbeslag på Lepsøyvegen
Laser på Lepsøyvegen. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 29. jan. 2023 08:24

Laurdag kveld hadde politiet fartskontroll på Lepsøyvegen.

– Det blei skrive ut fem forenkla forelegg, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

I tillegg blei det tatt eitt førarkortbeslag.

– Han blei målt til 85 km/t i 50-sona.

76 km/t kvalifiserer til beslag i 50-sona.

Vedkomande, ein mann i 20-åra, erkjente forholdet, men samtykka ikkje i førarkortbeslag.

Også for knappe to veker sidan blei det ei handfull forelegg og eit førarkortbeslag på Lepsøyvegen. Då var farten 77 km/t.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.