UP med kontroll i Lepsøykrysset
Sjekka åtferda ved stoppskiltet.
Utrykningspolitiet, som i haust hadde ein serie med kontrollar ved stoppskiltet i krysset mellom Lepsøyvegen og E39 Halhjemsvegen, var fredag ettermiddag tilbake.
– Det blei skrive to forenkla forelegg for brot på reglane om stoppskilt, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.
Kvart forelegg er på 7.450 kroner. I tillegg høyrer det med tre prikkar på førarkortet.
Statens vegvesen har hatt kontroll ved Svegatjørn både tysdag og i går.
Fredaf blei det gitt fem bruksforbod grunna blant anna mangelfull lastsikring. Fire køyretøy fekk mangelseddel.
Tysdag blei 6 førarar kontrollerte for køyre- og kviletid, noko som førte til 12 skriftlege åtvaringar.
Eitt køyretøy fekk mangellapp grunna ikkje godkjent kran.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.