Sport | 04. apr. 2016

Foredrag på heimebane

Over 140 seniorar hadde møtt opp i Oseana for å høyra Jarle og Sverre Lunde Pedersen halda foredrag om skøytesportens fortid, notid og framtid.

Foredrag på heimebane
Far og son Pedersen heldt foredrag saman i Oseana i dag. (Foto: Kari Marie Austevoll Lyssand)
Kari M. Lyssandmandag 04. apr. 2016 19:47

Måndag var det igjen tid for Os senioruniversitet og foredrag i Oseana. Foredraga har blitt populære og innhaldet er svært variert, 60-tals musikk, sherpaer, flukt frå Chile og genteknologi har alle vore tema på universitetet den siste tida.

Denne månadens foredrag gjekk føre seg i sportens verd, nærmare bestemt skøytesporten.

Far og son på scenen

Til å vera foredragshaldarar hadde Peder Fløysand frå senioruniversitetet fått inn to lokale kjenningar som òg er store namn i det nasjonale og internasjonale skøytemiljøet.

Noregs beste, og ein av verdas fremste skøyteløparar, Sverre Lunde Pedersen og far hans og tidlegare skøyteløpar og trenar for landslaget, Jarle Pedersen. Dei var klare til å dra linja frå skøytesporten på 50-talet fram til i dag, og korleis skøytesporten kan og bør forandra seg i framtida.

Jarle var på landslaget frå 1976 til 1984 og fekk mellom anna 6. plass på 500 meter under OL i Lake Placid i 1980.

– Eg gjekk berre sprint. Eg var ikkje så god som Sverre har blitt på dei lengre distansene, så kvar han har fått dei genene frå må de nesten spørre mor hans om, sa Jarle smilande.

Jarle er no tilbake som fysioterapeut i Os, medan Sverre akkurat er ferdig med årets skøytesesong.

Stor utvikling

I Oseana blei det eit tilbakeblikk på store norske og utanlandske utøvarar som Oscar Mathisen, Hjalmar «Hjallis» Andersen, Evgenij Grisjin og Ard Schenk. Publikum mumla og smilte gjenkjennande til dei ulike bilda og filmsnuttane.

Johan Olav Koss og Lillehammer OL var sjølvsagt med, og fram til Håvard Bøkko og osingane sin eigen Sverre i dag.

Utviklinga har vore stor, både på baner, utstyr og treningsmengd.

Frå utandørs naturis via kunstfrosne utebaner til innandørs baner i hallar. Skøytene er gått i frå faste til klappskøyter. På klesfronten gjekk dei tidlegare i to-delt ull medan dagens trikot med hette, som Sverre viste fram, er meisteparten av drakta laga av gummi.

– Det blir trent mykje meir enn før, Sverre er no ein heiltidsløpar og i fjor trente han 1100 timar.

Hadde slått Hjallis med 3 rundar

Det er ikkje tvil om at skøytesporten har endra seg opp gjennom åra. Jarle hadde rekna på korleis Hjalmar Andersen ville klart seg i si tid mot Sverre og Sven Kramer i deira tid.

– Dei ville slått «Hjallis» med 3 rundar på ein 5000 meter, éin runde på grunn av baneforholda og éin runde på grunn av klær og ustyret.

– Men siste runden er fordi dagens utøvarar er mykje betre trent og har betre teknikk enn dei hadde på den tida.

Treng fleire hallar

Jarle og Sverre såg og på kvifor skøytesporten ikkje er like populær i Noreg no som før.

– Det er fleire årsaker til det, blant anna er det lenge sidan vi har hatt ein samanlagtmeister, der må vi heilt tilbake til Koss på tidleg 90-talet, forklarer Jarle og kikkar lurt og håpefullt på sonen sin.

Andre grunnar som blei nemnt var mildare vintrar og for få kunstisbanar og hallar.

– Det er ei skam at byar som Bergen og Oslo ikkje har innandørs is, sa Jarle og peikte på Stavanger og det yrande folkelivet som er i Sørmarka Arena.

– Får vi fleire hallar så vil det bli betre rekruttering, god rekruttering skaper gode miljø. Toppidrett skaper breidde, forbilder er viktig.

Håper på ny World Cup i Stavanger

På spørsmål om kven som var Sverre sine første forbilder så er det Ådne Søndrål og broren Eirik Lunde Pedersen han hugsar som sine første.

– I seinere tid har eg og hatt Håvard Bøkko og Sven Kramer, og det er litt morosamt at eg no konkurrerer saman med dei eg sat og såg på på TV.

Jarle har fleire tankar om kva som må til får å heva interessa for skøytesporten framover.

– Vi må våga tenka nytt, uten at det skal bety at vi må kutta ut ting så er det viktig å inkludera nye ting.

Eitt eksempel er rulleskøytebaner som Jarle fortel at andre land rekrutterer fleire utøvarar frå.

– Søviknes skulle vore her i dag så skulle eg ha utfordra han, for det fins berre éin rulleskøytebane i Noreg med doserte svingar.

– Skøyteforbundet har ei oppgåve å bli flinkare å profilara sporten, for interessen ligg latent i oss. Det viste suksessen med å arrangere World Cup i Stavanger. Eg håper at Stavanger får World Cup også til neste år, då må de ta turen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.