Lokal | 18. jan. 2016

Forkastar Europan-forslaget

Kommunen går ikkje vidare med Europan-vinnaren, men trekk nyttig erfaring frå prosessen. – Engasjementet konkurransa skapte håper eg vi klarar å vidareføre, seier Aina Tjosås.

Forkastar Europan-forslaget
Det blir ikkje slik Osøyro og Esso-tomta blir sjåande ut (ill: KnitKnot Architecture)
Andris Hamremandag 18. jan. 2016 09:54

4. desember blei KnitKnot Architecture kåra til vinnarar av Europan-konkurransen kor ein skulle sjå på korleis Esso-tomta og området rundt kunne utviklast. No er det klart at kommunen forkastar vinnarforslaget.

– Vi tykkjer vel at dei ikkje traff på dei mest sentrale punkta vi hadde skissert opp. Dei har ikkje lest plassen godt nok, tildømes med tanke på nokre av dei tinga vi sa var viktig å taka vare på, som siktliner, sjøen og elva. Det å foreslå eit kjøpesenter i Irisbygget syner vel at dei ikkje hadde forstått plassen heilt, seier Aina Tjosås, plansjef i Os kommune.

Arkitektane og Europan-sekretariatet er orientert om kommunen sitt standpunkt.

– Vi har gitt tilbakemelding på at vi ikkje vil gå vidare med vinnarutkastet og også at vi ikkje er helt nøgd med korleis juryen jobba. Vi hadde ein gjennomgang med dei i forkant og gav dei eit grunnlag på kva som var viktig for kommunen. Det tykkjer ikkje vi dei har tatt nok omsyn til når dei vurderte bidraga.

Ein god idédugnad

Heilt fånyttes å vera med på konkurransa tykkjer likevel ikkje Tjosås det har vore.

– Det har vore ein interressant og god oppleving. Vi hadde aldri fått tak i så mange idear til den prisen på ein anna måte. Det kom inn heile 29 forslag og veldig mykje som var interressant. Som idédugnad har Europan-deltakinga fungert strålande.

– Den har òg gitt oss i administrasjonen gode interne diskusjonar og innspel.

Gode diskusjonar og stort engasjement

Ein anna bieffekt av konkurranse som Tjosås set pris på er det store engasjementet osingane viste då bidraga var stilt ut i september.

– Osingane engasjerte seg virkeleg og fortalde kva dei syntes var viktig. Fleire kom tilbake fleire gongar for å gje ytterlegare tilbakemeldingar. Vi fekk mange gode diskusjonar og eit veldig godt bilete på kva osingane meinar. Ikkje minst kva dei ikkje ønskjer seg.

– Det er tilbakemeldingar som gjer oss i administrasjonen tryggare når vi no skal gå i gang med områdeplanen for Osøyro, så håper eg at engasjementet held seg også i prosessen med den.

– Vi driv litt å ser på korleis vi kan organisera arbeidet og korleis vi kan beholda det engasjementet Europan-konkurransa har sådd. Kanskje kan ei tankesmie vera ein måte, kanskje skal vi få utarbeidd 3D-modellar som syner ulike alternativ og tilnærmingar, tenkjer Tjosås høgt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.