Handballdamene til Os | 23. okt. 2021

Første kamp på tre veker

Speler borte i dag og heime søndag.

Første kamp på tre veker
Kan Trond Budal leia damelaget til nye to sigrar denne helga? (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 23. okt. 2021 08:56

Handballdamene til Os har fått ein grei start på årets sesong.

Til no har det blitt siger i annakvar kamp i dei første fire rundane:
Os - NHHI 19-30
Os - Årstad 2 31-24
Bjørnar - Os 22-16
Os - Florø 30-22

Den noko ujamne terminlista har lagt opp til ein lang kamp-pause for Os, førre kamp var 2. oktober.

Men denne helga skal damene i gang igjen. I ettermiddag speler dei mot Bergen i Haukelandshallen.

Bergen har, som Os, starta med 2 sigrar og 2 tap, men har spelt éin kamp meir, og den blei uavgjort.

Søndag speler Os på heimebane.

Då tar dei imot serieleiar Stord, som berre har spelt tre kampar, men vunne alle tre, blant anna kampen mot NHHI, som Os tapte for i serieopninga.

Det kan med andre ord bli ein tøff kamp for Os, men samtidig kan laget med den heilt nye troppen ha blitt meir samkøyrde etter dei første fire rundane.

Os slo dessutan Stord i første treningskamp på 18 månadar då dei i august testa troppane sine før seriestart.

Os - Stord startar klokka 17.40 søndag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.