Forsvarets lærlingar med rekordsuksess
Nesten halvparten av lærlingane i Forsvaret har bestått fagprøva med beste karakter.
Nesten halvparten av lærlingane i Forsvaret har bestått fagprøva med beste karakter. Det viser dei siste tala frå fagprøver som blei gjennomførte ved Forsvarets lærestader i fjor.
Til saman blei det gjennomført 318 fagprøver i Forsvaret i 2023. Det er det høgaste talet på fagprøver i Forsvaret nokon gong, og unge gjer utvilsamt suksess i Kongens klede.
Totalt bestod 317 fagprøva si i Forsvaret i 2023, og over 48 prosent fekk karakteren bestått særs godt.
God oppfølging og ungt miljø
Jørgen Ellingsen ved Opplæringskontoret for Forsvaret forklarar dei gode tala med høg kvalitet på fagopplæringa og tett oppfølging frå dyktige instruktørar og faglege leiarar.
– Frå den nasjonale lærlingundersøkinga har vi over tid òg sett at Forsvarets lærlingar skårar betre enn gjennomsnittet på dei fleste område, og spesielt godt på trygt arbeidsmiljø, HMS og god fagopplæring, seier Ellingsen i ei pressemelding i dag.
Han seier at Forsvarets gode vilkår med gratis kost og losji og svært gode velferdsordningar, er ein del av oppskrifta.
– Samstundes har vi kanskje eit litt yngre og meir dynamisk arbeidsmiljø enn i andre verksemder.
Fleire søkjer maritimt
Langtidsplanen for Forsvaret legg opp til ei ambisiøs satsing i Sjøforsvaret, som skal få fleire fartøy som treng mannskap. Søkartala til læreplassar i maritime fag har auka og viser ei god utvikling i vår.
Til dømes har talet på søkjarar til matrosfaget auka med 11 prosent frå i fjor.
– Ein tredel av Forsvarets læreplassar finst til sjøs, så det er svært gledeleg at unge ser til oss.
– Forsvaret har eit stort mangfald av stillingar, og erfaringa du kan få hos oss, er ettertrakta. Det gjeld anten du vel å halde fram i Forsvaret eller i det sivile, fortel Ellingsen.
Fleire kokk- og teknikarlærlingar
I tillegg til det maritime, skal det ifølgje langtidsplanen bli satsa stort på fleire andre område i Forsvaret. Den kanskje viktigaste innsatsfaktoren for å lukkast vil vere personell.
Nye avdelingar og nytt materiell krev at Forsvaret utdannar stadig fleire dyktige spesialistar og fagarbeidarar.
Også i andre viktige fag som kokk, flymekanikar, dataelektronikar og service- og administrasjonsfag har Forsvaret merkbart betre søkartal enn i 2023.