Sport | 30. mai 2013

Framfor skjema med ny bane

– Banen er truleg ferdig på laurdag. Vi har vore heldig med alt, vêret, kampmengda og treningsavvikling, seier Hans Parnefält.

Framfor skjema med ny bane
Torsdag morgon var det berre denne vesle flekken igjen å legga gras på. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 30. mai 2013 07:29

Onsdag i førre veke kom den første leveransen av den nye kunstgrasmatta på Kuventræ, i dag er det berre ein liten flekk igjen å legga.

Kvite striper er lagt ut over den nye banen, som i dag får markert sidelinjer, dødlinje, 16-meter og det som høyrer med.

– Vi er framfor skjema. Banen er truleg ferdig laurdag og klar til bruk frå måndag av, seier dagleg leiar i Os Turnforening, Hans Parnefält.

Ei fin og smidig veke

Avvikling av trening og kamp for dei rundt 40 fotballaga til klubben har gått smidig denne veka med redusert kapasitet.

– I tillegg til å vera heldig med vêret så var det tilfeldigvis sånn at det var få heimekampar på programmet denne veka. I førre veke var det 24 kampar på Kuventræ, denne veka berre 13.

– Det fine vêret har gjort at grasbanen, som har blitt brukt av fleire yngre lag denne veka, har tålt auka belastning betre.

Når den nye banen blir fort ferdig får graset dessutan kvila seg litt fram til neste helg, når over 1000 unge fotballspelarar (cirka 110 lag) skal spela Bendit Cup på Kuventræ.

Dobbelt så tung

Den nye kunstgrasmatta er lagt oppå den gamle, den 11 år gamle første kunstgrasbanen på Kuventræ.

– Dette er gras av ein annan kvalitet enn det som har vore levert før, og den første i Noreg av sitt slag. Eg håper og trur dette er ein ny generasjon kunstgras, seier Hans.

Les òg: Same som Chelsea FC

Den nye matta er 11,5 tonn. Den førre matta, den øvste kunstgrasbanen, var 6 tonn.

– Matta har tettare gras. Derfor blir det også brukt mindre granulat, om lag halvparten så mykje gummikuler som i andre banar.

– No held eg på å planlegga offisiell opning av banen. Det er førebels uvisst korleis denne skal vera, og kor tid, men dette er ein milepæl og noko vi vil markera, seier sjefen på Kuventræ.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.