Korona | 11. aug. 2021

Framskyndar dose 2 - og éi yrkesgruppe får først

Alle får dose to tidlegare enn først planlagt.

Framskyndar dose 2 - og éi yrkesgruppe får først
Allereie i juni var det nemt, no blir tilsette i skule og barnehage prioriterte. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 11. aug. 2021 17:24

Allereie i juni var det tema, no har kommunen nok dosar til å både tilby dose to før tida til alle, og å prioritera tilsette i skule og barnehage før andre.

Kommunen har bestemt å framskynda dose to for alle. Dei som har fått dato kan halda seg heilt i ro, kommunen tar kontakt med forslag til nytt tidspunkt.

Men først ut er tilsette i barnehage, SFO, skule og andre yrkesgrupper som har nærkontakt med elevar og barnehagebarn.

Desse får tilbod om å ta 2. vaksinedose i Bjørnafjorden kommune fredag 13. eller onsdag 18. august:

  • Tilsette som fekk 1. vaksinedose seinast 23. juli (det skal gå minimum tre veker mellom dosane)
  • Tilsette i kommunale og private skular og barnehagar, og tilsette i vidaregåande skular i Bjørnafjorden kommune.
  • Skule- og barnehagetilsette som jobbar i Bjørnafjorden, men bur i ein annan kommune.
  • Tilbodet gjeld ikkje skule- og barnehagetilsette som bur i Bjørnafjorden, men som jobbar i andre kommunar.

– På denne måten ønskjer vi å gi både små og store ein god start på det nye skule- og barnehageåret - det treng og fortener dei verkeleg! seier ordførar i Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg i ei pressemelding.

Leiarane innan oppvekst sender ut melding med vidare informasjon til sine tilsette.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.