– Opninga av E39 Svegatjørn-Rådal blir ein gamechanger for Os, seier plansjef Tina Kvammen Mjøs Sinclair. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Framtida til Lysefjorden

Ein krins i stor endring: Os kommune informerte innbyggarar og utbyggarar om pågåande prosessar.

image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Utbyggarar, arkitektar, advokatar og grunneigarar var fredag samla i Tunet for å få informasjon frå Os kommune.

Kommunen stilte med eit breidt lag, frå varaordførar Marie Lunde Bruarøy (H) og kommunalsjef Aina Tjosås til plansjef Tina Kvammen Mjøs Sinclair, Lyseparken-sjef Fredrik Seliussen og nytilsette i planavdelinga, med særleg ansvar for det som skal skje i Lysefjorden i framtida, Christian Frønsdal.

– Med bygging av ny veg, nytt næringsområde og nye bustadområde er Lysekloster som krins tettast på dei store endringane vi har i vente. Vi ønskjer at dei som bur i området, og dei som har interesse i området, både skal få informasjon og at sentrale aktørar skal møta kvarandre.

– Spelet kjem til å endra seg heilt

Etter velkomsthelsing frå varaordførar fekk plansjef Tina Sinclair ordet.

– Dette er ein milepæl for oss. Det siste året har vi jobba med å rigga organisasjonen, samtidig som vi har hatt store arbeidsmengde og noko redusert kapasitet. Men no er vi klare til å skapa ein arena for innovasjon. Vi ønskjer løpande dialog med aktørar i området, og dette er første møte i det som kan bli ein føljetong.

Etter at alle deltakarane i møtet hadde presentert seg og sitt, var Sinclair tydeleg på at 2022, opninga av E39 Svegatjørn-Rådal, blir ein «gamechanger» for Os.

– Vi kjem til å ligga 7 minutt med bil frå store handle- og buområde i Bergen, dette er Bybanen til Os. Os blir del av den nest største byregionen i Noreg, berre Oslo med nærområde er større.

– Os får med dette ikkje berre riksdekkande interesse, men global interesse. Osingane kjem til å bli meir globale. Dette gjer at vi løftar blikket og prøver å sjå for oss utviklinga fleire år fram. Korleis skal vi veksa og fortetta eksisterande buområde for å ta vare på grønt areal?

– Korleis skal Varåsen, som blir eit viktig knutepunkt mellom Halhjem og Bergen bli i framtida, kva rolle skal Søfteland ta i framtida - og korleis vil trafikken strøyma rundt i Os når ein dag vegen frå Askvik til range opnar? spurde plansjefen og viste kart med skisser over kvadratet mellom Varåsen, Askvik, Drange og Lyseparken.

I februar skal det vera planforum, i april skal plan ut på høyring og det er mål om å få den vedtatt hausten 2019, før valet.

Vil opna Åsen - Helleskaret samtidig som ny E39

I juni 2016 var oppstart og finansieringsplan for ny fylkesveg 163 frå Åsen til Helleskaret, ein 1,5 kilometer lang veg, godkjent i fylkeskommunen.

I juni 2017 blei det klart at prisen hadde auka så mykje at oppstart blei sett på vent.

Det er likevel ambisjonar om å få vegen ferdig omtrent samtidig som opning av E39 Svegatjørn-Rådal. Abo plan og arkitektur står for planlegginga, og Ola Klyve Dalland frå Abo orienterte om status.

– Det var først tenkt 80-sone og ei stiv linje på vegen. Denne er mjuka opp og det er plan om fartsgrense 60 km/t.

– Planområdet er på cirka 350 mål, vegen går gjennom alt frå LNF og offentleg formål til bustadområde og næringsområde. Vi gjennomførte kultursynfaring i området i september. Mange planar venta på denne planen, dei største er Sjøbøhaugane og Storhaugen.

– Frist for merknadar var 27. august, og det kom inn 9 merknadar, 5 frå det offentlege og 4 private. Det er mål om å få reguleringsplanen vedtatt til sommaren 2019, så vi kan gå vidare med detaljregulering av sjølve vegen.

Det skal vera semje om val av linje vegen skal gå, mens det er fire alternativ til kryssløysing der vegen møte Hellebakkane og Drangsvegen.

Vegen er venta å få mykje trafikk, 8000 til 11.000 ÅDT (årsdøgntrafikk, altså totalt begge retningar per døgn, i snitt).

Neste til å få ordet var Fredrik Seliussen.

Han snakka om Lyseparken som sjølvforsynt på energi, med varme frå innovativ løysing av avkjøling av datasenter. Og om potensielt 12.000 arbeidsplassar innan 2050.

Les kva Seliussen fortalte om Lyseparken.

Fleire saker