Lokal | 20. nov. 2020

Frontkollisjon i Lysefjorden

To bilar har kollidert nær Søvikvågen.

Frontkollisjon i Lysefjorden
Ingen av bilane var køyrbare etter kollisjonen. (tips@midtsiden.no, foto: Anders Drange)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 20. nov. 2020 06:36

Fredag klokka 06.55 fekk Vest politidistrikt melding om trafikkulykke på Søvikvegen.

– To bilar er involvert. Det er til saman fem personar i bilane, fortel politiet.

Seinare oppdaterer dei med at alle fem i bilane er oppegåande, men at ingen av bilane er køyrbare etter samanstøyten.

110-sentralen fortel om svært glatte vegar i området.

OPPDATERT:

– Det var fire personar i den eine bilen, der bilførar er ein mann i 50-åra. I den andre bilen var ein tenåring åleine, seier politioverbetjent Christine Grindstein.

Ingen av dei involverte er born.

– To personar er frakta til Haukeland for sjekk, dei tre andre til lokal legevakt.

Det er ikkje mistanke om rus, det er heller ikkje tatt beslag i førarkort.

– Det var svært glatt på staden, fortel politiet.

Vegen opna i 08.15-tida. (tips@midtsiden.no, foto: Anders Drange)
Vegen opna i 08.15-tida. (tips@midtsiden.no, foto: Anders Drange)

Vegen var blokkert etter uhellet, og i skrivande stund kan det framleis sjå ut som om det er kø på staden.

Bergingsbil er rekvirert.

OPPDATERT: Vegen opna rundt klokka 08.15.

Også torsdag ettermiddag var det trøbbel på glatten. Då var det ein bil som velta på Hegglandsdalsvegen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.