Lokal | 06. juli 2020

Fulle jenter sendt heim

Fredag var «damenes aften».

Fulle jenter sendt heim
Ei kvinne blei funnen på eit fortau ved Esso natt til laurdag. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 06. juli 2020 08:15

Fredag i 18-tida var politiet på Amfisenteret, der ein gjeng på rundt 15 ungdomar hadde samla seg.

– Nokre av dei var fulle, og ei jente låg og søv eller kvilte seg på ein benk utanfor senteret, fortel politioverbetjent Thomas Juulseth.

Foreldre blei varsla og ungdomane blei sendte heim.

I 5-tida natt til laurdag blei ei kvinne funnen liggande på fortauet ved Esso.

– Ho kom seg etterkvart til hektene, og tok taxi frå staden saman med nokre andre.

Høg fart og funn av hund

I løpet av natt til laurdag møtte politiet ein bil i høg fart på Lyseklostervegen. Bilen blei stoppa og bilførar innrømte at han køyrde for fort. Politiet hade inga måling, og bilførar slapp unna med ei åtvaring.

Laurdag i 22-tida blei ein hund funnen i Hegglandsdalen. Viking blei varsla. Det er ikkje notert om dei henta hunden, eller om eigar blei funnen i tide.

Steinsprang på Drange

Søndag i 13.30-tida blei politiet varsla om eit lite steinsprang ved Drange Bruk.

Det var ikkje like stort som i april i år, då vegen blei sperra av store steinar, men nok til at meldinga gjekk vidare til Vegtrafikksentralen, så dei kunne sjekka staden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.