Kultur | 02. mars 2012

Fullt hus?

5 komikarar, godt førehandssal og berre 80 billettar: Det kan bli kamp om plassen på Irish Cat laurdag.

Fullt hus?
Komikar Jon Hægland er spent på om standupklubb er eit tilbod osingane vil ha. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 02. mars 2012 22:19

I morgon er det debut for den nye standupklubben i Os, Råkt Opp & Ned, og Jon Hægland er spent på responsen.

– Eg håper det blir fullt hus, samtidig håper eg at ikkje for mange blir skuffa for at dei ikkje fekk billett. For det er ikkje plass til så mange, seier Jon.

Les òg: Startar standupklubb på Os

– Men sjølv om førehandssalet er godt, og nokre plassar er reservert komikarkollegaer frå Bergen som står på gjesteliste, så får vi nok litt billettar å selja i døra også.

– Eg har ikkje sjekka talet på ledige billettar i dag, det einaste eg veit er at vi har nokre billettar igjen.

– Men ein god del har kjøpt på Billettservice på førehand, og det kan folk gjera fram til ein dryg time før showet laurdag, så eg kan ikkje garantera noko. Vi har berre desse 80 billettane.

Komikvelden startar klokka 21 i liveavdelinga på Irish Cat og Hægland vil ikkje at klubbkvelden skal bli for fullstappa.

– Blir det utselt så blir vi rundt 100 i lokalet. Det trur eg er passeleg.

I tillegg til Jon skal desse på scenen i morgon:

• Tomas Nesse frå Bergen
• Anders McAuley frå Arna (og Irland)
• Jan Tore Kristoffersen frå Loddefjord
• Grim Moberg frå Voss

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.