Fyldig utgåve av «Osingen» i sal

I går var skriftnemnda samla, i dag er Osingen - med følgje - i hyllene.

Odd Tøsdal i skriftnemnda presenterte årets utgåve av Osingen for kollegaene sine i går. Åsmund Lien til venstre. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 13. nov. 2020 09:25

Frå i dag er årets utgåve av «Osingen» for sal på bokhandelen Ark på AMFI Os, Bunnpris Vedholmen og bensinstasjonen Er-An.

Os Sogelag er, for femte år på rad, utgjevar.

– Det er den fyldigaste utgåva vi har laga. Vi starta med 100 sider, så var det 132, 128 og 116 i fjor. Årets utgåve er på 160 sider, fortel Odd Tøsdal.

Han har vore i skriftnemnda saman med Arne Arseth, Jostein Hausberg, Anne-Margrethe Matre Hjemdal, Tove Nøss-Håvardstun og Jo Rune Ugulen Kristiansen.

F.v.: Tøsdal, Kristiansen, Hausberg,Nøss-Håvardstun, Hjemdal og Aarseth. (Foto: KVB)

Torsdag kveld var dei samla i Oseana Kafé og Restaurant for gjennomgang og avspark på sal av 600 eksemplar.

– Vi trykte opp same opplag i fjor, det viste seg å vera passeleg. 200 går ut til medlemmar av sogelaget, Øyvind har køyrd ut til alle saman, i tillegg til at vi har sendt til medlem som bur i Danmark.

– Kor lenge er utgåva i sal?

– Dei plar vera i hyllene til over nyttår. Då tar vi inn restopplaget, så dei som vil kjøpa eldre utgåver må kontakta oss i sogelaget.

Frivillig innsats for lokalhistoria fortener polpose frå Øyvind Tøsdal. (Foto: KVB)

Då Haugsneset fekk fangeleir

Familien Walle sin spennande eigedom i Postvegen på Osøyro, kyrkjevegane Os, lokal tradisjonsmat og vassdrag av ulik storleik er blant emna i årets Osingen. Det er òg andre verdskrig - 75 år etter at den er over.

Det er fem artiklar om krigen, Jostein Hausberg har blant anna skrive om Flaterås og fangeleiren på Haugsneset, som var bygd for 60-70 fangar, men så kom det 230 russiske krigsfangar til Os.

Anne-Margrethe Matre Hjemdal har skrive om då Irisfabrikken blei til, Øyvind Tøsdal har ei sak om hoppbakken på Tøsdal. Midtsiden bidrar, som før, med kavalkade frå oktober 2019 til september 2020.

Osamål i eiga bok

Saman med Osingen kjem sogelaget ut med dialektboka «So sa di», som Åsmund Lien, Jimmy Øvredal, Terje Bøthun og Arne Aarseth har forma.

– Nokre av orda blir brukt i fleire bygder, men det gjer ikkje noko. Orda treng ikkje vera osamålet sitt åleine, men dei skal vera brukt i Os og vera på veg ut av vokabularet, forklarte Åsmund om kriteria.

Bøthun, Lien, Aarseth og Øvredal fekk òg merksemd under samlinga torsdag kveld. (Foto: KVB)

Ordlista og forklaringar er supplert med illustrasjonar laga av tusenkunstnaren Bernt Kristiansen. Han deltok i prosjektet før han i 2008 gjekk bort.

– Desse har heva boka mange hakk.

Les meir om «So sa di» i eige intervju med Åsmund Lien (abo)

Os Sogelag fekk Oseana Kafé og Restaurant for seg sjølv. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.