Samferdsle | 04. juli 2023

Fylket skal grava - pumper og eitt køyrefelt må stenga

Skal skifta røyrsystem under Byvegen.

Fylket skal grava - pumper og eitt køyrefelt må stenga
I neste veke stenger pumpene, i august stenger eitt køyrefelt på Byvegfen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 04. juli 2023 12:15

Vestland fylkeskommune er i gang med å utbetra røyrsystemet under fylkesveg 552 Byvegen i Os sentrum.

I dag fortel dei at det får konsekvensar for både YX og 7/Eleven, og seinare også for trafikantar.

– Butikken 7/Eleven er open, men pumpene til YX blir dessverre stengt og det blir ikkje sal av drivstoff frå veke 28 (måndag 10. juli) og til arbeidet med røyrsystemet i grunnen er ferdig, opplyser prosjektleiar Marius Navarsete Lydvo.

I august og september blir også eitt felt på Byvegen stengd i eit strekk på rundt 100 meter.

I denne perioden blir trafikken lysregulert. Arbeidet blir skilta langs vegen.

– Vi stenger frå den lysregulerte overgangen retning Osøyro, mot avkøyrsle til Stegen, fortel Lydvo.

– Men vi stenger så kort strekk som mogleg.

– Vil bussane gå som normalt?

– Det er planen at dei skal følgja same ruter som før til og frå Os terminal.

Tidspunkt for stenging av dette feltet, og kor lenge arbeidet varer, er vêravhengig. Dato er foreløpig ikkje bestemt.

Anbefalt omkøyring er via Moberg og E39.

Kva som i august vil vera status for kommunen sitt arbeid og tilhøyrande stenging av Landboden er foreløpig ukjent for Midtsiden.

Førre melding kom fredag 9. juni. Då skreiv kommunen at arbeidet har tatt uventa lang tid, og at dei trengte tre veker til for å få knytt saman hovudgrøft og lagt alt av ekstra stikk for både vatn, avlaup og kabelgrøfter med strøm og fiber.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.