Gatecup for vaksne i november
ANNONSE: Tar imot påmeldingar frå i dag.
ANNONSØRINNHALD:
I fjor kom MidtsidenCup opp i 30 deltakande lag igjen.
Begge herreklassane dobla seg, i siste ving kom det òg nok påmeldte i dameklassen.
I år blir gatecupen for vaksne spelt laurdag 9. november.
Os Fotball held på dei fire klassane, damer, bedrift (mix), herrar amatør og herrar elite.
- Tilbakeblikk: MidtsidenCup-arkivet
Praktisk informasjon
Stad: Kuventræ
Tid: Laurdag 9. november frå ca klokka 10 til 16*
* Cupen blir spelt ferdig på éin dag - men kan starta tidlegare om det blir mange lag påmeldt. Dameklassen får truleg finale i 13-14-tida.
Aldersgrense: 16 år for gutar (fødd i 2008), 15 år for jenter (fødd i 2009)
Pris, cup: 2500 kroner per lag (inntil 15 spelarar/frå kr 167 per spelar)
Påmelding: Send namn på lag, klasse og namn og nummer til lagleiar på epost til marius@osfotball.no
Påmeldingsfrist: Tysdag 5. november kl 12
Send gjerne inn påmelding først, med klasse og namn på lag, så kan spelarliste og betaling koma seinare, men seinast innan 14/11.
Betaling: Os Fotball konto 3633.59.99023 (merk med namn på lag).
Tittelforsvararane
Desse laga vann i fjor:
Damer: FC Gomez
Bedrift: Equinor Sandsli
Herrar elite: Tynn Suppa
Herrar amatør: Den lause Kanon
Éi regeljustering
Tradisjon tru blir reglane noko justerte.
– Å prøva å laga jamne lag samtidig som du opnar for at flest mogleg kan vera med, er ikkje enkelt, sa Torkel Hjertnes frå Os Fotball i fjor.
Då blei det opna for at to bedrifter kunne slå seg saman til eitt lag.
Nytt i år er at bedriftene kan ha tre aktive, i fjor var det berre to.
Klassar og reglar
GENERELLE REGLAR - ALLE KLASSAR:
• 7 til 15 spelarar per lag. Uansett skade eller anna fråvær kan berre påmeldte spelarar stilla for kvart lag. Pass på at du har mange nok til sluttspel!
• 2 x 12 min. omgangar med sidebyte og kort pause
• Puljespel i innleiande rundar, 2-3 beste frå kvar pulje går vidare til sluttspel.
• Ved lik poengsum blir det først sett på målforskjell, så på innbyrdes oppgjer, evt mengde skåra mål eller myntkast.
• Alle sluttspelkampar inkludert finalar blir avgjorte på straffespark dersom det står likt ved full tid. Det er lov å byta keeper til ein evt. straffekonkurranse.
DAMER
• Ta med inntil 5 aktive. Frå aktiv nummer 3 får du mål imot (har du 5 aktive og speler mot eit lag utan aktive startar kampen 0-3).
• Dei som har vore på banen i éin seniorkamp tel som aktiv, aldersbestemt tel ikkje som aktiv
• Aldersgrense i dameklassen er 15 år (16 år for herrar/gutar)
HERRAR AMATØR
• Alle som har spelt offisiell seniorkamp (serie eller NM, på banen i 4 kampar eller meir*) i år tel som aktive, men ikkje gute-/juniorspelarar eller veteran/oldboys.
• Du kan ha med maks 2 aktive
• Du får mål imot for kvar aktiv du har med. (Kampen startar med 0-1 eller 0-2 om du har 1 eller 2 aktive med).
HERRAR ELITE
• Ta med så mange aktive du vil, men berre inntil 3 spelarar frå 3. div og opp.
• Ingen straffe eller baklengsmål, uansett mengde aktive.
BEDRIFT (HERRE/MIX)
• Alle spelarane må ha fått løn eller honorar frå bedrifta i 2024, eller vera gift/sambuar med ein tilsett i firmaet
• Det er valfritt å stilla med mixlag (herre/dame).
• Den tilsette kan IKKJE ta med andre familiemedlemmar (eigne born, nieser eller nevør f eks)
• Kommunetilsette som stiller lag må jobba ved same avdeling, ingen toppa lag med tilsette frå ulike skular eller liknande. (Søk om disp til å ta med utanforståande om du manglar spelarar til å stilla lag)
• Ta med så mange aktive du vil, MEN: Har du fleire enn tre aktive, får du mål imot per aktive utover to. Eksempel: du stiller med fire aktive mot eit lag med to aktive, så startar kampen på stillinga 0-2.
• Alle som har spelt offisiell seniorkamp (serie eller NM, på banen i 4 kampar eller meir*) i år tel som aktive.