Lokal | 06. mars 2019

Gjekk for å bli skikkeleg ferdig

Hegglandsdalsvegen gang og sykkel: Formannskapet samrøystes om å ekstraløyving til bru over Valla-elva.

Gjekk for å bli skikkeleg ferdig
Formannskapet gjekk i går samrøystes inn for ei ekstraløyving for å få til ei skikkeleg bru-løysing her. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 06. mars 2019 14:30

Bildeserie:

Det ligg allereie ei parallell bru på staden, men ho inviterer ikkje akkurat til å nyttast av dei mjuke trafikantene. (Foto: KOG)
Det ligg allereie ei parallell bru på staden, men ho inviterer ikkje akkurat til å nyttast av dei mjuke trafikantene. (Foto: KOG)
Det er planlagd ei opprusting heile vegen frå krysset ved Hatvikvegen, og inn til Valla-brua. Noko av arbeidet er allereie i gong.  (Foto: KOG)
Det er planlagd ei opprusting heile vegen frå krysset ved Hatvikvegen, og inn til Valla-brua. Noko av arbeidet er allereie i gong. (Foto: KOG)
1 av 2

Under det ekstra møtet i formannskapet i går kveld, var spørsmålet om ei ekstraløyving på fem millionar kroner til opprusting av Hegglandsdalsvegen ei av sakene.

Nye kostnadskalkyler frå Statens vegvesen synte at med 36 millionar i potten ville ein måtta byggja ei separat bru for dei mjuke trafikantane. Denne brua ville då bli plassert attmed den eksisterande brua.

Dette var i følgje adminisrasjonen ved Os kommune ikkje beste løysing, og dei ville ha politikarane på ei ekstraløyving på fem millionar for å få bygd ei ny «felles» bru, og samstundes få retta ut den heller svingete vegen trafikantane må nytta i dag.

Kort debatt

Marie Lunde Bruarøy (H) fortel til Midsiden at debatten var heller kort under møtet.

– Alle medlemmene i formannskapet hadde bestemt seg på førehand, og alle var samde om at trafikksikring- og ei fullføring av arbeidet var betre enn at det vert ståande att nokre meter med dårlege løysingar.

Bruarøy fortel vidare at det kom nokre spørsmål om samanhengen mellom dei ulike reguleringsplanane i området; Hatvikvegen-Valle bru, Borgafjell barneskule som nyleg var innom kommunestyret for handsaming. Dette kunne adminsistrasjonen stadfesta, fortel Bruarøy.

Må gjera ting skikkeleg

Helge Steinum (Ap) er òg nøgd med resultatet frå gårsdagens møte;

– Vi i Ap var positive til denne ekstraløyvinga, og vi er opptekne av at ting må gjerast skikkeleg med ein gong. Når den nye skulen på Hjelle opnar, må det vera trygge tilhøve for dei som skal ferdast der. Dette er ein sterkt trafikert veg, og den er faktisk einaste vegen til Fusa om du ikkje vil dra med ferje.

Formannskapet gjekk samrøystes inn for tilrådinga frå administrasjonen. Saka går no vidare til kommunestyret.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.