Fotball | 31. mars 2019

Gjekk på stygt tap for Åsane

Lysekloster sleppte inn seks mål i vinterens nest siste treningskamp.

Gjekk på stygt tap for Åsane
Lysekloster, her då dei leia 3-0 over Åsane i NM 2016, tapte 6-2 i går. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 31. mars 2019 09:30

I 2016 leia Lysekloster 3-0 over Åsane i NM, før OBOS-laget utlikna i 89. minutt og sikra avansement i ekstraomgangane.

I treningskamp i fjor tapte Lysekloster berre 0-1. Sjølv om Åsane no er nede i 2. divisjon, var dei meir suverene i går.

Åsane - Lysekloster 6-2 (2-0)
Målskårarar, Lysekloster: Simen Næss og Martin Pedersen

– Når vi klarer å spela jamt med Florø skal vi klara å spela jamt med eit lag som Åsane. Vi sleppte inn nokre unødvendige mål, men Åsane fortente å vinna stort.

– Eg er skuffa over vår prestasjon, både som lag og det enkeltspelarar fekk til, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

Han skildrar det likevel ikkje som heilsvart.

– Innsatsen var god, og mykje er på plass, men spelemessig har vi framleis ein del å jobba med.

«Dei oransje ser ut til å vera godt i rute til seriestart» skriv Åsane Fotball på sine heimesider.

Lysekloster sin neste treningskamp er mot Fana neste helg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.